Episodes

Friday Oct 31, 2025
Volsdalen salme -og lovsongskor inviterer til julekonsert
Friday Oct 31, 2025
Friday Oct 31, 2025
Volsdalen salme -og lovsongskor inviterer til julekonsert onsdag 3. desember. Det er Johnny Peder Pettersen som har starta koret i sin tid, og koret syng både salmer, lovsongar og vekkelsessongar.
- Det er enkelt, det er lett og folk kan senke skuldrane. Og her syng vi alle melodien, seier Peder Pettersen, som inviterer med til allsong på denne konserten.
Koret hadde sin fyrste julekonsert i 2024 i ei fullsatt kyrkje. I år har dei med seg gjestesolist Marianne Klokk i tillegg til eigne solistar. Ørskog allspelorkester skal også delta.
Høyr intervjuet med Johnny Peder Pettersen.

Thursday Oct 30, 2025
Stolt over å vere utflytta sunnmøring
Thursday Oct 30, 2025
Thursday Oct 30, 2025
Vi har tatt ein prat med ein ny utflytta sunnmøring. Rolf Kjøde hadde store delar av barndomen i Bergen, men har halde godt på sunnmørsdialekta. Hovedslekta er i frå Spjelkavika og Kjøde har mykje å fortelje om då han kom til sunnmøre som elleveåring. Høyr heile praten med Rolf Kjøde.

Thursday Oct 30, 2025
Kjelda til all kjærleik er Gud sjølv
Thursday Oct 30, 2025
Thursday Oct 30, 2025
I Ord til ettertanke denne veka tek sokneprest på Valderøya, Gunnhild Roaldsnes Bremer, tak i dei fem kjærleiksspråka. I eit intervju på Radio Sunnmøre seier ho at kjelda til all kjærleik er Gud sjølv, både kjærleiken mellom vener, familie og ektefolk. Høyr heile intervjuet og andaktene med Gunnhild Roaldsnes Bremer.

Thursday Oct 30, 2025
Ord til ettertanke 27. oktober
Thursday Oct 30, 2025
Thursday Oct 30, 2025
Ord til ettertanke av Gunnhild Roaldsnes Bremer

Thursday Oct 30, 2025
Ord til ettertanke 28. oktober
Thursday Oct 30, 2025
Thursday Oct 30, 2025
Ord til ettertanke av Gunnhild Roaldsnes Bremer

Thursday Oct 30, 2025
Ord til ettertanke 29. oktober
Thursday Oct 30, 2025
Thursday Oct 30, 2025
Ord til ettertanke av Gunnhild Roaldsnes Bremer

Thursday Oct 30, 2025
Ord til ettertanke 30. oktober
Thursday Oct 30, 2025
Thursday Oct 30, 2025
Ord til ettertanke av Gunnhild Roaldsnes Bremer

Thursday Oct 30, 2025
Ord til ettertanke 31. oktober
Thursday Oct 30, 2025
Thursday Oct 30, 2025
Ord til ettertanke av Gunnhild Roaldsnes Bremer.

Thursday Oct 30, 2025
Planar om nytt liv for Ålesund Soul Children
Thursday Oct 30, 2025
Thursday Oct 30, 2025
Ålesund Soul Children skal få nytt liv med Mathilde Isabell Gudmundsdottir Haug i spissen. Ho har sjølv bakgrunn frå konseptet og tenkte at ho ikkje kunne slutte med dette når ho skulle flytte frå Bergen. Etter at ho bestemte at ho skulle flytte til Ålesund kjende ho at dette vil ho dra i gong igjen i byen. Etter at ho la ut på sosiale medier at ho ynskjer å starta opp igjen Ålesund Soul Children har det vore enorm respons.

Wednesday Oct 29, 2025
Realiteten for dei kristne i Midtausten
Wednesday Oct 29, 2025
Wednesday Oct 29, 2025
I eit nytt intervju med Geir Sakseid, sokneprest i Ålesund og Volsdalen og rådgivar i NMS (Det Norske Misjonsselskap) med ansvar for Midtausten, tek vi ein prat om kva som er realiteten for dei kristne i Midtausten i dag. Nyleg fekk Sakseid ein rapport frå Middle East Concern, ein kristen menneskerettsorganisasjon, med ulike døme som viser til at kristne blir forfulgt.
Høyr heile praten med Geir Sakseid på Radio Sunnmøre.

