214.9K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Aug 11, 2022
Aug 11, 2022
10 min
For to år sidan tok Sina Saltbones over Normisjon sin leirstad på Kviskvik på Nordmøre. No er dette blitt til The Convent, som betyr å kome saman. Staden skal vere ein plass der ein kan kome for ei pause, for bøn og fellesskap om ein ynskjer det. Høyr intervjuet med Sina Saltbones som fortel meir om staden og korleis det heile vart til.

Aug 10, 2022
Aug 10, 2022
15 min
For eit par år sidan besøkte Olaug Lillian Bjørke Sentral Asia. Ein av Åpne Dørers kjerneverdiar er: «Vi er eit bibelfolk!» I dagens program får du høyre korleis dette kjem til uttrykk i stan-landa i Sentral Asia. Mina*er involvert i å dele evangeliet med barn og unge, og fortel korleis eit søskenpar på 8 og 12 år fekk bringe familien sin til tru. Det heile starta med at dei kom på eit barnemøte som Mina og den lokale pastoren arrangerte på landsbygda. I andre halvdel av programmet får du møte Pastor Pavel*. Du får høyre korleis eit russisk-koreansk nytestamente frå fengselsbiblioteket forvandla ein berykta fange til ein ivrig evangelist. No står Pavel igjen i fare for å hamne i fengsel, på grunn av si tru og teneste. Han seier: «Eg er trygg på at det er Guds vilje at eg tener han her. Det er min plass, også om Gud vil eg skal tene han i fengselet. Eg er ikkje redd. Min bekymring er kva som vil skje med familien min dersom eg blir tatt.» Pavel ber om forbønn for sine kjære; kona og dei tre barna som er i alderen 3 -10 år.

Aug 10, 2022
Aug 10, 2022
7 min
Ålesund folkehøgskule har i fleire år vore ein svært populær skule, der ein får oppleve både ei reise i livet og ei reiser i verda. Korona har satt sine begrensningar på sistnevnte, og det har gjort at søkartalet til skulen også har gått ned. Årets skuleår startar opp med færre elevar og færre tilsette, men rektor ved skulen Sven Sæther er ved godt mot.

Aug 9, 2022
Aug 9, 2022
7 min
Kvar fredag kl. 0700 møtes nokre menn på Espresso House på Moa kjøpesenter i Ålesund for å be saman. Vidar Åsebø er initiativtakar til desse samlingane som vert kalla for Haugerom. Han fortel om godt fellesskap, kaffe med rundstykke og mange konkrete bønesvar.

Aug 9, 2022
Aug 9, 2022
7 min
Ein flott sommar ligg bak med blant anna ei veke på Lyngdal bibelcamp, og ferie med familietid. Det fortel Irene Krokeide Alnes i vekas kvardagsprat. Vi får også høyre om nokre av planane for hausten, som startar med ei veke på Hermon høyfjellshotell. I vekas ord for dagen snakkar Irene om at Gud kjenner oss og kjem oss i møte med godheit. Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Aug 8, 2022
Aug 8, 2022
Kvar fredag kl. 0700 møtes nokre menn på Espresso House på Moa kjøpesenter i Ålesund for å be saman. Vidar Åsebø er initiativtakar til desse samlingane som vert kalla for Haugerom. Han fortel om godt fellesskap, kaffe med rundstykke og mange konkrete bønesvar.

Aug 8, 2022
Aug 8, 2022
7 min
Paul Johansen vaks opp som muslim i Egypt men møtte Jesus som ein ung mann. For 30 år sidan tok han initiativ til å starte eit arbeid for å spre evangeliet til den muslimske og arabiske verda. I år er KABA, Kristent arbeid blandt arabere 30 år og driv eit omfattande misjonsarbeid både gjennom media og på andre område. Alle ansatte i KABA har arabisk som morsmål, og dei har spisskompetanse på språk, kultur og religion. Slik er dei godt utrusta til å dele bodskapen om Jesus i den arabiske verda. Paul har sjølv opplevd å verte forfulgt for si tru, og veit kva det kostar for ein muslim å konventere til den kristne tru. Vi har snakka med han om KABA sitt arbeid og deira planer for framtida.

Aug 8, 2022
Aug 8, 2022
8 min

Aug 6, 2022
Aug 6, 2022
7 min
Alle menneske har verdiar som styrer livet vårt. Dette er ting som er viktige for oss og som vi ønskjer skal vere med å prege livet vårt. Kva er dine verdiar, og kva er viktig for deg? Dette er utgangspunktet når Hilde Gjengedal gjev oss Ord til ettertanke denne veka.

Aug 6, 2022
Aug 6, 2022
4 min