Episodes

Thursday Feb 12, 2026
Vedtak om sal av Orreneset utsett til nytt årsmøte
Thursday Feb 12, 2026
Thursday Feb 12, 2026
Onsdag 11. februar kalla ImF Sunnmøre inn til eit ekstraordinert årsmøte. I innkallinga til det ekstraordinære årsmøtet innstiller krinsstyret forslag til vedtak, at ImF Sunnmøre sel Orreneset Misjonssenter til Bjørn Valderhaug og Kristine Solstad under føresetnad av at ein salsavtale ivaretek intensjonane i saksutgreiinga til årsmøtet.
Det var stort engasjement på det ekstraordinere årsmøtet til ImF Sunnmøre onsdag 11. februar, då sal av Orreneset Misjonssenter stor på agendaen.
Fleire tok til orde for at dette måtte utgreiast betre juridisk, også med tanke på klausular frå tidlegare vedhøyrande sal måtte gjennomgåast betre, samt klausular for misjonssenterets framtid med tanke på å kunne bruke leirstaden til misjonsverksemd. Det var viktig for utsendingane å få tryggleik for at Orreneset også i framtida vil vere ein misjonsstasjon.
Det var 46 som stemte for å greie ut saka betre til eit nytt ekstraordinert årsmøte i slutten av april, og det var heile 29 som stemte mot sal av Orreneset misjonssenteret. Det var totalt 75 stemmerettiga utsendingar tilstades.
Radio Sunnmøre var tilstades og tok ein prat med utsending Odd Frode Roaldsnes og Johan Per Sunde, samt styremedlem for Orreneset Håkon Hovda, og formann for Imf Sunnmøre Arvid Ødegård.

Thursday Feb 12, 2026
Mindre bekymringar og eit enklare liv
Thursday Feb 12, 2026
Thursday Feb 12, 2026
Joakim Solbakken kjem opprinnelig frå Molde men bur i Ålesund og arbeider no som pastor i Sula Frikirke. Han gjev oss Ord til ettertanke denne veka, og er oppteken av at vi skal kunne legge av oss bekymringane våre, slik at vi kan få ei enklare reise igjennom livet.

Thursday Feb 12, 2026
Ord til ettertanke 9. februar
Thursday Feb 12, 2026
Thursday Feb 12, 2026
Ord til ettertanke av Joakim Solbakken

Thursday Feb 12, 2026
Ord til ettertanke 10. februar
Thursday Feb 12, 2026
Thursday Feb 12, 2026
Ord til ettertanke av Joakim Solbakken

Thursday Feb 12, 2026
Ord til ettertanke 11. februar
Thursday Feb 12, 2026
Thursday Feb 12, 2026
Ord til ettertanke av Joakim Solbakken

Thursday Feb 12, 2026
Ord til ettertanke 12. februar
Thursday Feb 12, 2026
Thursday Feb 12, 2026
Ord til ettertanke av Joakim Solbakken.

Thursday Feb 12, 2026
Ord til ettertanke 13. februar
Thursday Feb 12, 2026
Thursday Feb 12, 2026
Ord til ettertanke av Joakim Solbakken.

Wednesday Feb 11, 2026
Ung isfiskar på Lillevannet
Wednesday Feb 11, 2026
Wednesday Feb 11, 2026
Skeisser og isfiske er det mange som har nytta seg av den siste månaden på Sunnmøre, og Nicklas Stenen har testa ut isfiske på Lillevannet. Helge Åkernes tok ein prat med han.

Wednesday Feb 11, 2026
Glade turgåarar rundt Lillevannet
Wednesday Feb 11, 2026
Wednesday Feb 11, 2026
Nydelege og kalde dagar på Sunnmøre for tida, og bak studio til Radio Sunnmøre ligg runda rundt Lillevannet, som svært mange nyttar kvar dag. Ingrid Finnøy og Ruth Aksberg er to av turgåarane som har nytta fineveret, og Helge Åkerenes tok ein prat med damene i sola.

Wednesday Feb 11, 2026
God stemning på konsert med Aalesund gospelkor
Wednesday Feb 11, 2026
Wednesday Feb 11, 2026
I helga var det Aalesund gospelkor som drog i gong eit masschoir, saman med Aina og Aril Schøl på Pinsekirka Moa. I etterkant av konserten tok reporter Helge Åkerens ein prat med både tilskuarar, songarar og musikarar, og stemninga kan ein ikkje klage på.
Høyr heile reportasja Helge Åkerens laga i frå konserten.

