
214.6K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Sep 29, 2022
Sep 29, 2022
10 min
Onsdag 28. september døyde Broder Andreas. Grunnleggaren av Åpne Dører vart 94 år gamal og etterlet seg ei stor arv til inspirasjon for alle som vil leve eit liv i teneste for Jesus. Bibelsmuglaren som møtte alle menneske som om dei var gamle vener gjorde eit sterkt inntrykk på Stig Magne Heitmann. I denne episoden av Dei forfulgte kristne snakkar vi om arva etter denne kjempen i Guds rike.

Sep 29, 2022
Sep 29, 2022
6 min
Åpne Dører lanserer nytt seminarkonsept under årets leiarkonferanse til Indremisjonsforbundet. Stå sterk i stormen heiter konseptet, og målet er å styrke kristne i vårt eige land. Dette blir eit av nettverka under årets leiarkonferanse, men Åpne Dører ynskjer å kome ut til ulike forsamlingar i Noreg å halde dette seminarkonseptet.
I eit intervju med Olaug Lillian Bjørke og Helge Åkernes får vi høyre meir om kva tema som blir tatt opp i dei ulike seminarbolkane.

Sep 29, 2022
Sep 29, 2022
5 min
Instagram har lansert nye foreldreinnstillingar, og du kan med det få oversikt over tidsbruk og tidsgrenser, sjå kven borna fylgjer og gjev borna moglegheit til å gje beskjed digitalt om dei opplever utfordrande innhald.
Vi har tatt ein prat med rådigvar i Barnevakten, Kris Munthe, for å lære meir om dei nye instillingane.

Sep 29, 2022
Sep 29, 2022
5 min
Torsdag 6. oktober inviterer Pinsekirka Sentrum og Laget heile byen til ein hukommelseskveld på Parken kulturhus. Forfattar, foredragshaldar og tidlegare verdsmeister i hukommelse, Oddbjørn By, vil undervise i husketeknikk og hukommelse.
-Vi vil gjere noko for byen vår som er positivt og bra, seier Børre Pedersen, pastor i Pinsekirka Sentrum. Saman med Laget inviterer dei studentane i byen og andre som er interesserte til ein kveld med Oddbjørn By på Parken Kulturhus. Han er kjend frå Norske Talenter, Puls, Dagsrevyen, Newton, og har vore på frukost-tv i alle dei nordiske landa.
Høyr intervjuet med Børre Pedersen, pastor i Pinsekirka Sentrum, som saman med Laget inviterer til hukommelseskveld med tidlegare verdsmeister i hukommelse.

Sep 28, 2022
Sep 28, 2022
5 min
Filmen Krigsseilaren, som er aktuell på kino i desse dager, er historia om dei 30 000 nordmenn som var med som krigsseilera under andre verdskrig. Ålesundsdama Margit Johnsen Godø, også kjend som Malta-Margit, var ein av krigsseilarane og fekk for sin innsats i konvoifart til Malta i 1942 tildelt St. Olavsmedaljen med ekegren. Ho mottok også Krigsmedaljen og British Empire Medal og er den høgast dekorerte norske kvinna frå andre verdskrig. I filmen er det tatt med element frå Malta-Margit sine opplevingar. I 2013 vart det satt opp ei byste av Malta-Margit i Ålesund.
Tysdag var det seniorkino på Odeon Ålesund der filmen vart vist, og i etterkant haldt Ivar Gunnar Braaten frå Viti Sunnmøre Museum eit lite foredrag om historia til filmen. Vi tok ein prat med Braaten i etterkant av filmen om noregshistorias viktigaste heltar.

Sep 27, 2022
Sep 27, 2022
9 min
Steinar Engeset frå Engesetdalen på Sunnmøre har budd i Halifax i Canada i over 50 år. I mange år har han hatt eit stort engasjement for krigs-seilarane frå andre verdskrigen. Svært mange av dei var innom havna i Halifax i løpet av krigen. Når filmen Krigsseileren hadde verdspremiere på den internasjonale filmfestivalen i Toronto var Steinar Engeset innbudt som heidersgjest. Vi har snakka med han både om filmfestivalen og om korleis han opplevde denne sterke filmen.

Sep 27, 2022
Sep 27, 2022
10 min
I mars i år vart Kristent Ressurssenter lansert for å styrke ei kristen verkelegheitsforståing om familie og born, kjønn og seksualitet. Truls Olufsen-Mehus er prosjektleiar og fortel at grunnen til at senteret har starta opp er at ein med ein kristen ståstad og med eit kristent alternativ ynskjer å stå opp i ei mengde av samfunnsutfordringa ein i dag står ovanfor. Olufsen-Mehus ser at det er ein form for motkultur å skulle stå for desse verdiane idag, men at ein i ressurssenteret har fått med personer som allereie har fått ei stemme i debatten og klarer å bli relevante i media.
Høyr meir i intervjuet med Truls Olufsen-Mehus.

Sep 27, 2022
Sep 27, 2022
7 min
Ei fantastisk og sterk vekkelseshistorie er grunnen til at Hafslo bedehus skal markere jubileum i haust, og dette skal Irene Krokeide Alnes få ta del i. I kvardagspraten delar også Irene frå møtehelga på Godøya der temaet var Den Heilage Ande.

Sep 26, 2022
Sep 26, 2022
6 min
Verdsdagen for psykisk helse den 10. oktober blir også markert i Ålesund. Frelsesarmeen har satt opp ulike arrangement i perioda 26. september til 24. oktober, deriblant ei vandrekonkurranse for å bli kjend med dei mange lavterskel tilboda dei tilbyr i byen.
Erika Lynn Solli, miljøterapeut i Frelsesarmeen, fortel om kor viktig det varierte arbeidet innan rusomsorg i Ålesund er for den psykiske helsa. Og kor mykje ei god psykiske helse har å seie for å hindre at folk nyttar rusmiddel.

Sep 24, 2022
Sep 24, 2022
4 min
Gud er nær oss også når livet kan opplevast som fullstendig kaos. Gud er i kaos, og han går der saman med oss. Når Israelsfolket var på vandring i øydemarka ba Moses om at Gud måtte gå saman med dei, tilgje folket sine synder og gjere dei til sin eigedom. Dette er utgangspunktet når Iris Vartdal Clausen gjev oss Ord til ettertanke denne veka. Iris er sjukepleiar, og arbeider også som dagleg leiar for Fermate Møre, eit samtale tilbod på Sunnmøre som Normisjon og ImF Sunnmøre står bak.
