214.6K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Oct 25, 2022
Oct 25, 2022
7 min
I helga deltok Irene Krokeide Alnes på Kvinner i Nettverk, ei kvinnekonferanse som samla fleire tusen kvinner på Oslofjord Concention Center. Ei svært inspirerande helg fortel Irene om i vekas kvardagsprat. Til slutt deler Irene eit ord for denne veka om å bli satt fri ved å kjenne til Guds Ord.
Irene Krokeide Alnes er på tur med hurtigruta når vi tek kvardagspraten over telefon denne gongen.

Oct 24, 2022
Oct 24, 2022
10 min
I Iran tek tusenvis av kvinner til gatene i protest mot presteregimets harde handheving av sharia-lovene i Islam. Med fare for eige liv demonstrerer dei for fridom og menneskerettar. Kan desse store demonstrasjonane også gjere det lettare for dei mange kristne i Iran som kvar dag lever under forfølgelse for si tru. Det er også andre religiøse minoritetar som vert forfulgte i Iran som treng vår forbøn og oppmerksomhet. Dette er tema for ein ny samtale med Stig Magne Heitmann i serien Dei forfulgte kristne.

Oct 24, 2022
Oct 24, 2022
6 min
-Vi ynskjer at kyrkja skal vere ein plass for alle, og då er det midt og kulturutvalet sitt ynskje å trekke til seg folk som ynskjer å kome i kyrkja og lytte til god musikk, seier Ane Fagerlund Rypdal, kantor i Spjelkavik kyrkje. Heile veka 6. -14. november blir det arrangert Kulturdagane i Spjelkavik kyrkje, og det heile startar med ei Allhelgensmesse av Egil Hovland. Med seg har han Spjelkavik kyrkjekor med sopran Stephanie Lippert, orgel og ei blåsegruppe.
Kvar kveld heile veka blir det konsert eller foredrag, og dei som deltek er alt frå Hedvig Mollestad, Ingrid Bjørnov, Helge Simmones til vokalgruppa Halv8. Rypdal røper at det blir eit variert program, og ynskje er å treffe alle.
Vi har tatt ein prat med kantor Rypdal på Radio Sunnmøre.

Oct 22, 2022
Oct 22, 2022
3 min
Gud er den perfekte tilrettelegger og det er alltid spennande og sjå kva han vil gjera i liva våre i løpet av ein heilt vanleg kvardag. Dette er noko av fokuset i denne vekas Ord til ettertanke. Marie Helene Høyberg har vokse opp i Brummundal, men har no flytta til Valle på Sunnmøre saman med familien.

2 min

Oct 21, 2022
Oct 21, 2022
7 min
Nyleg kom Elisabeth Emblem heim frå Afrika, der ho har vore på tur saman med ei stor gruppe med NSP Aid. Elisabeth haldt strikkekurs for borna på Faraja Childrens Home/Malaika Villages. Med sponsa garn og pinnar frå Vikig Garn, og frå folk frå ulike stadar i Noreg, og i tillegg med god hjelp frå lærarar og strikke-damer i reisefylgjet, så fekk fleire born lært seg korleis ein kan strikke seg blant anna eit panneband.
Emblem har vore i studio med mange nye og ferske inntrykk frå Afrika-turen. I tillegg høyrer vi litt om arrangementet som NSP Aid skal ha på søndag.

Oct 21, 2022
Oct 21, 2022
10 min
I vekas program fortel Elisabeth Emblem at NSP Aid ynskjer å vere slike som er med og ber børene saman med dei fattigaste av dei fattige. Nyleg kom Elisabeth igjen frå ein tur til Afrika, der ho har vore saman med to grupper for å besøke arbeidet NSP Aid er med og driv i Kenya. Eit besøk i barnelandsbyen Malaika Villages og på den nye farmen Malaika Charity Farm var noko av det dei opplevde, og som vi får høyre meir om i vekas program.

Oct 19, 2022
Oct 19, 2022
15 min
Også denne hausten inviterer Åpne Dører til Fakkeltog i samarbeid med Stefanusalliansen. Dette er eit årleg arrangement, der ein set fokus på forfølgde kristne og lyfter fram deira situasjon i det offentlige rom. Årets tema er «På flukt for sin tro». I fleire land blir kristne pressa til å flykte frå heimane sine, som ein bevisst strategi frå forfølgjarane. Hensikten er å utrydde kristen tru og praksis. I programmet får du eit intervju med Linda Askeland, informasjonsleiar i Åpne Dører. Ho gler seg over stadig fleire fakkeltog utover landet; denne hausten går det mot ny rekord. «Bibelen oppmodar oss til å late opp munnen vår for den som ikkje sjølv kan tale. Ved å gå i fakkeltog, er vi med på dette! Vi som tilhøyrer Jesus, er ein kropp. Det som skjer med syskena våre, angår oss», sier Linda – og oppmodar alle som har høve til å bli med i årets fakkeltog. Du kan lese meir her: www.fakkeltog.no