214.5K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Nov 2, 2022
Nov 2, 2022
12 min
Rett til eit livvsynsope samfunn og ytringsfrihet er viktig i eit demokrati Kristeleg Folkeparti (KrF) er opptekne av. Det fortel Olaug Bollestad, partileiar i KrF, i eit intervju på Radio Sunnmøre. Og det å stå i eit parti der kampsakene er basert på dei kristne verdiane er ikkje alltid veldig populært. -Vi er i eit sekulært samfunn og det gjer at dei kristne verdiane kan vere under press.
-Det er freistande å vere populist, men eg trur den bobla sprekker fort, seier Bollestad.
I spørsmålet om kvifor Bollestad orkar å kjempe for dei kristne verdiane gjennom KrF sine kampsaker, så er svaret tydeleg.
-Då eg valde parti valgde eg utifrå dei verdiane eg trur er så grunnleggjande for eit samfunn. Eg trur at dei kristnedemokratiske verdiane som har bygd Europa er like viktige i dag, kanskje meir enn nokon gong. Og den andre grunnen er at då eg var småbarnsmor ramma sjukdom oss. Mannen min var alvorleg sjuk og eg visste at eg kunne miste han. Då opplevde eg eit nabolag og nærmiljø, kyrkje og bedehus som stilte opp. Og då tenkte eg at eg ein dag skal gi noko tilbake til lokalsamfunnet. Det handla om å vere med å drive nestekjærleik i praksis i eit nabolag, fortel Bollestad.
Høyr heile intervjuet med Olaug Bollestad på Radio Sunnmøre.

Nov 1, 2022
Nov 1, 2022
5 min
Fleire kilo kveitemjøl når Eli Remme bakar aniskringler og ambrosiusbrød til årets Radiomesse for Radio Sunnmøre. Heime på kjøkkenet sitt set ho fleire deigar i veka i innspurten før messa, og bestillingane går unna etterkvart. Vi har tatt ein prat med Eli Remme, som fortel at ho er svært glad i radioen og at det er grunnen for at ho engasjerer seg.

Nov 1, 2022
Nov 1, 2022
6 min
AWANA Norge har laga ein adventskalender som no er komen ut både på norsk, engelsk og ukrainsk. Kvar dag kan du via mobiltelefon scanne ein såkalla QR-kode og så kjem du vidare inn på AWANA sine nettsider kor barn og vaksne kan få vite meir om julebodskapen. Vi har snakka med dagleg leiar Lars Dahle i AWANA Norge om korleis kalenderen kan brukast og kva som er tanken bak å gje denne ut.

Nov 1, 2022
Nov 1, 2022
6 min
Midt i innspeling av andakter til Bedehuskanalen tek Irene Krokeide Alnes seg tid til ein kvardagsprat med Radio Sunnmøre. Vi får høyre om ei jubileumsveke på Ågotnes der 90 år med misjonsaktivitet vart markert i forrige veke, og Fermate som Irene også har engasjert seg i. Denne veka delar også eit ord med lyttarane.

Oct 31, 2022
Oct 31, 2022
11 min
Kvar haust gjennomfører Åpne Dører fakkeltog rundt om i landet for å sette fokus på dei som vert forfulgte for si tru rundt om verda. No er tre av fire tog i Møre og Romsdal gjennomført, og vi har hatt besøk av Helge Åkernes og Linda Askeland i studio for å få vite meir om korleis det har gått. Frammøtet har vore godt både i Fosnavåg, Ålesund og Molde. I Molde måtte toget gjennomførast på ein litt anna måte enn det som var planen på grunn av tilreisande fotball-supportera frå Sverige, men den utfordringa gjekk det greit å løyse. Rundt om i verda betyr det mykje for mange kristne å få sjå og høyre via internett at norske kristne går i fakkeltog for å vise solidaritet med dei.

Oct 31, 2022
Oct 31, 2022
12 min
Ny regionleiar i Misjonssambandet Region Nordvest er på plass. Frå 1. januar 2023 startar Steffen Stensland (36) som regionleiar og han håpar at folk tek fram kvardagsbestikket når han kjem på besøk, og har senka skuldra i møte med den nye leiaren. Stensland kjem frå stillinga som pastor i Ørsta/Volda Misjonsforsamling der han har vore tilsett i 60% stilling og i tillegg hatt 40% som fellesskapsutviklar i Misjonssambandet.
Stensland brenn for det lokale arbeidet og han trur at den rolla han no går inni kan legge til rette for det arbeidet.
Høyr intervjuet med Steffen Stensland på Radio Sunnmøre der han delar sine tankar om den nye stillinga.

Oct 29, 2022
Oct 29, 2022
4 min
Han fornærma og såra faren sin så grovt som det var mogleg å gjere. Så reiste han vekk og brukte opp heile farsarven på fyll og fest. Likevel vart han motteken nærast som ein kongen når han kom heim att til far sin og farshuset. Denne kjente historia som Jesus fortalte om sonen som kom heim er utgangspunktet for Oddbjørn Brunstad når han gjev oss Ord til ettertanke.

3 min

2 min