
214.5K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Nov 11, 2022
Nov 11, 2022
6 min
I år er det 40 år sidan Velsvik bedehus var ferdigbygd, og det skal markerast no i helga med festtalar, tilbakeblikk og stort kakebord. Rolf Velsvik kan fortelje om tida før ein starta på bygginga av bedehuset, då kronerulling, basar og tombola vart halde av og i den vesle bygda på 60-70 personar for å samle inn pengar til eit bedehus. I 1982 stod huset ferdig og i løpet av desse 40 år har både stort og smått vore innom huset. Storhetstida var då bedehuset samla ungdomar frå heile Dalsfjorden og gjorde det lokalkjende ungdomskoret Dakruko.
Vi har tatt ein prat med Rolf Moen som fortel meir om både historia og markeringa av Velsvik bedehus sine 40 år.

Nov 11, 2022
Nov 11, 2022
12 min
Hans Inge Fagervik er eit kjent navn for mange rundt om i landet. I fleire tiår har han vore ein av Norges mest kjente kristne songarar og artistar. Ikkje minst er songen hans Farvell Marita godt kjent, og Fagervik har engasjert seg sterkt i arbeidet mot rusmisbruk. No kjem Hans Inge til Sunnmøre og skal ha konsertar på Ingeløp på Godøya, på Dråpe Kaffehus i Ålesund og i Follestaddalen i Ørsta. Han skal også innom Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund med opplegget rock mot rus. Vi tok ein prat med Hans Inge om både turneen på Sunnmøre, og ikkje minst kva som gjer at han framleis har glede av å reise rundt som songar og artist.

Nov 10, 2022
Nov 10, 2022
19 min
Vi har hatt besøk i studio av tidlegare redaktør i Vårt Land, Helge Simones. Han har dei seinare åra skreve fleire bøker om korleis særleg kristne menneske gjev si støtte til autoritære politikarar, særleg Donald Trump og Vladimir Putin. Vi har spurt Simones om kven dei såkalla evangelikale kristne er, både i USA og Norge, og om det ikkje er ei fare for at vi i Norge kan gjere oss til dommarar over korleis folk i USA tenkjer og stemmer når det gjeld politikk.

Nov 10, 2022
Nov 10, 2022
10 min
Kjell Furnes har gjennom eit langt liv vore oppteken av Israel og det jødiske folk. Han har skreve bøker om dette temaet og brukt mange timar på å sette seg inn i kva Bibelen seier om både landet og folket. No har han vore på tur til Israel for 38. gong, og enno er det nye ting å sjå og oppleve. Særleg i Negev-ørkenen kor det blomstrar og veks midt i øydemarka. Vi har hatt besøk av Kjell i studio og fått høyre kva han opplevde på turen.

Nov 10, 2022
Nov 10, 2022
11 min
-Vi tek mykje av det vi har for gitt, og det har eg tenkt mykje på i ettertid kor bra vi har det her i Spjelkavika, fortel Kristianne Langeland. Ho er elev ved Spjelkavik vidaregåande skule og har nyleg besøkt slummen i Kenya. Det gjorde sterkt inntrykk på henne å sjå kor store kontrastane er mellom jamnaldrande i Kenya og hennar eige liv i Spjelkavika.
Sarah Hoddevik, elev ved Borgund vidaregåande, var også med på turen. Opplevelsane på turen var sterke, og Hoddevik fortel at ho i ettertid tenker meir over kva ho har og kva ho brukar pengar på. Verken Hoddevik eller Langeland har vore i Afrika tidlegare, og møtet med kulturen, landet og arbeidet til NSP Aid i Kenya gjorde sterkt inntrykk på jentene.
I eit intervju på Radio Sunnmøre får du høre begge fortelje frå turen til Kenya.

Nov 9, 2022
Nov 9, 2022
4 min
Headset og øyreproppar er blitt vanleg tilleggsutstyr til mobiltelefonar og spelkonsollar. Samtidig er born og unges hørsel ekstra sårbar for støy og høg lyd, i fylgje Inger Helene Venås, generalsekretær ved Hørselshemmedes Landsforbund. Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å få nokre konkrete tips om korleis ein kan unngå dette.

Nov 8, 2022
Nov 8, 2022
15 min
27.september sovna Broder Andreas (94), Åpne Dørers grunnleggar, stille inn. I dette programmet ser vi tilbake på livet og tenesta, og heidrar hans gode minne. Det var inga sjølvfølge at Andreas skulle starte Åpne Dører! I sin ungdom var han på jakt etter eventyr, og verva seg til den nederlandske hæren. Mora sendte med han ein bibel, men den vart liggande uåpna i bagasjen. Ein krigsskade sette imidlertid ein stoppar for Andreas sin søken etter spenning, og det var dette som leia han til tru på Gud. Kva skjer når ein enkel mann lydig følgjer Guds kall, og korleis kan han inspirere kristne i dag til eit liv i etterfølging? Broder Andreas opplevde verkeleg at Gud åpna dører. Han sa: «Det finst ikkje ei einaste stengt dør, om du verkeleg ønsker å vitne om Jesus innanfor den døra. Jesus sa ikkje ‘Gå, dersom dørene er åpne’ eller ‘Gå, dersom du har fått ein invitasjon eller om nokon har rulla ut den raude løparen’. Jesus sa ‘Gå’, fordi menneske treng Hans ord.»

Nov 8, 2022
Nov 8, 2022
8 min
-Fantastisk å sjå alle som var i aktivitet, seier Irene Krokeide Alnes om Radiomessa på Radio Sunnmøre som var i helga. I helga var det fullt hus på Spjelkavik bedehus, då den årlege radiomessa gjekk av stabelen. Irene er med i styret for Radio Sunnmøre, og er imponert over alt som ligg bak ei slik messe.
Før helga var Irene med på feiring av Fermate 10 år i Misund, og til helga reiser ho til Vardø for ei ny møtehelg.
Også i dag deler Irene Krokeide Alnes eit ord til slutt i praten, om at Jesus bur i Bibelen.

Nov 7, 2022
Nov 7, 2022
12 min
Det er ei krevjande tid med fordelinga i budsjettet lokalt til helse - og eldreomsorg og oppvekst. Staten gir nokre gitte rammer som lokale folkevalgte skal fordele der det trengst mest. Dette er noko av det ordførar i Giske kommune, Harry Valderhaug, sit på av oppgåver for tida. Han merkar også at det i tida som kjem er fleire av dei som slit økonomisk enn tidlegare, på grunn av auka utgiftar og prisvekst.
Høyr heile intervjuet med ordførar i Giske kommune, Harry Valderhaug.

Nov 5, 2022
Nov 5, 2022
2 min
Bodskapen om Jesus har vorte formidla av mange ulike songforfattarar opp igjennom historia. På ulike måtar har dei tolka og videreformidla evangeliet til stor velsigning for andre menneske. Nokre av desse songane er utgangspunkt for Magne Arild Torgersen når han gjev oss Ord til ettertanke.
