214.5K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Nov 24, 2022
Nov 24, 2022
12 min
Familien Bergersen er endeleg på plass i nytt hus i Japan, og har hatt ei fyrste ungdomssamling i eigen heim. I Japan er det ikkje vanleg å invitere heim til seg sjølv, så når dei inviterte ungdomane heim var det også foreldre som hadde lyst å kome.
I seks år har Karoline og Marius allereie budd i Japan, og i to år har dei gått på språkskule for å lære seg å kommunisere med japanarane. Marius fortel at det er mykje å lese i lufta når ein snakkar japansk, og det er viktig å ha tunga beint i munnen. For same ordet kan ha fleire tydningar.
I ein prat med Marius Bergersen får vi høyre meir om det japanske språket og utfordringane dei møter når dei skal kommunisere i ein heilt anna kultur enn dei sjølve har vakse opp med.

Nov 24, 2022
Nov 24, 2022
10 min
Johanne Leinebø er endeleg tilbake på Madagaskar etter å ha vore landfast i Norge sidan før corona-pandemien braut ut. På ei litt knitrande telefonlinje fekk vi snakka med henne når det var pause i arbeidet med å omsetje nye delar av Bibelen, denne gongen saman med Bara-teamet. Akkurat denne dagen gjekk diskusjonen høgt om korleis ein kan omsetje konkrete begrep i Bibelen som er heilt ukjende på Madagaskar. Når det står i det gamle testamentet at David gjekk opp på taket av huset han budde i, korleis formidlar ein det i eit land der alle hus har spisse tak av strå? Dette er noko av det du får høyre om i ein ny episode i vår serie Johanne på Madagaskar.

Nov 23, 2022
Nov 23, 2022
5 min
Ei ny undersøking frå Medietilsynet viser at det er færre jenter som spelar dataspel samanlikna med i 2020. Når det gjeld stygge kommentarar og utestenging i spel, opplever dei yngste mest av dette. Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å høyre meir om den nyaste rapporten og kva den fortel.

Nov 22, 2022
Nov 22, 2022
5 min
Håp i ei gryte gir Frelsesaremeen i Ålesund når dei torsdag inviterer til førjulskonsert. Det gjer dei også når dei i desember samlar inn pengar i julegrytene til eit av byen sine viktige rusførebyggande tiltak på Varmestua og Stedet i Ålesund.
Åse Berg Grønvik, leiar for Frelsesarmeen i Ålesund, fortel i eit intervju at dei har stort behov for frivillege grytevakter i desember, og håpar at det er nokon som har moglegheit å sette av ein time eller to i førjulstida.
Frelsesarmeen sin eigen hornmusikk skal også delta under julegrantenninga på St. Olavsplass i Ålesund førstkomande søndag.

Nov 22, 2022
Nov 22, 2022
11 min
Irene Krokeide Alnes har nyleg vore i Vardø på julebord, og har ei sterk historie å fortelje derifrå. IMF Sunnmøre skal markere 140 års jubileum 1. desember, og det kan også Krokeide Alnes dele nokre minner knytta til etter 49 år på Sunnmøre.
Også i dag deler Irene eit lite ord på slutten av kvardagspraten, om det å ha håp til Gud.

Nov 21, 2022
Nov 21, 2022
2 min
I helga blir det på ny julemarknad til inntekt for Brusdalsheimen. Fredag og laurdag på Spjelkavik bedehus, med salsboder fulle av julemat og julegåver. Hilde Giske Lukkedal er engasjert i marknaden og fortel meir om arrangementet i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Nov 19, 2022
Nov 19, 2022
4 min
Kaanans språk er tema for Ord til ettertanke denne veka. Det kristne fagspråket som Bibelen bruker og som ofte vert nytta i kyrkjer og bedehus. Eit språk som på linje med alle andre fagspråk inneheld ord og uttrykk som ikkje utan vidare vert forstått av alle og einkvar. Ståle Schrøder Heggset set fokus på nokra av dei mest vanlege kristne uttrykka og gjev oss ei forklaring på korleis desse er å forstå.

Nov 19, 2022
Nov 19, 2022
3 min