Episodes

Wednesday Nov 12, 2025
Søndagens tekst 16. november
Wednesday Nov 12, 2025
Wednesday Nov 12, 2025
I vekas episode av Søndagens tekst får vi høyre frå Matteus 24, 35-44. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, samtalar vi om det som står i teksta. Den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen, står det i teksta. Kva betyr dette? Høyr vekas episode av Søndagens tekst.

Tuesday Nov 11, 2025
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Tuesday Nov 11, 2025
Tuesday Nov 11, 2025
Denne veka tek vi ein prat med Irene Krokeide Alnes i Kvardagspraten. Ho er nyleg tilbake etter ein to veker lang ferie og har lada opp til ny giv. Fyrst ut er det møte på Alnes og deretter går turen til Bergen med fokus på bøn. I Kvardagspraten denne veka fortel ho om sitt brennande engasjement for misjon og ei naud ho har for menneska rundt seg. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Tuesday Nov 11, 2025
-Ver alltid klare til å svare
Tuesday Nov 11, 2025
Tuesday Nov 11, 2025
I helga var Rune Tobiassen på Sunnmøre og haldt ulike seminar om trusforsvar, og kalt apologetikk på fagspråket. Han er ny leiar i Tro & Medier og har 18 år bak seg som pastor i Frikirka. Fleire gongar har han blitt grilla i Laget sitt konsept Grill en kristen, og han kom i fjor ut med boka 17 grunner til at jeg er en kristen.
Tobiassen fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre kva trusforsvar er. Han fortel at det ikkje handlar om å stå i forsvar, men om å svare på spørsmåla med alle dei gode grunnane ein har for å vere ein kristen.
Høyr heile intervjuet med Rune Tobiassen, dagleg leiar i Tro & Medier.

Monday Nov 10, 2025
Etter konserten med Arvid Pettersen
Monday Nov 10, 2025
Monday Nov 10, 2025
Fredag 7. november var det konsert på Ålesund folkehøgskule med Arvid Pettersen med band. Åndelige viser var tittelen på konserten og i etterkant tok reporter Helge Åkerenes ein prat med Arvid Pettersen og trommis Rune Solheim. Sistnemnte er trommisen i Kaizers Orchestra og var tidlegare på fredagen på Møre barne -og ungdomsskule Skodje for å fortelje si trushistorie.
I eit intervju på Radio Sunnmøre får du høyre Pettersen fortelje historia til ein av songane vi får ein smakebit av, og Solheim fortelje litt om kva trua betyr for han.
Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Monday Nov 10, 2025
Litteratur i Andeby med Alf Kjetil Walgermo
Monday Nov 10, 2025
Monday Nov 10, 2025
Litteratur i Andeby er Alf Kjetil Walgermo sin nyaste bok der han har gått gjennom Donald Duck og funne litteratur frå både verdshistorien og frå Bibelen. Tysdag skal han på Kyrkjetorget på Sjøholt for å fortelje om den nye boka.

Monday Nov 10, 2025
Livet på Nordvestlandet folkehøgskule
Monday Nov 10, 2025
Monday Nov 10, 2025
I år er det vel 60 elevar ved Nordvestlandet folkehøgskule, tidlegare Høgtun, og rektor Bjarte Grøteide fortel om eit godt miljø og aktive elevar. Store delar av året søv både elevar og tilsette ute, og no ventar ein på at snøven skal legge seg så pudderalarmen går. Høyr heile intervjuet med rektor Bjarte Grøteide.

Friday Nov 07, 2025
Markering av krystallnatten i Ålesund
Friday Nov 07, 2025
Friday Nov 07, 2025
Søndag er det minnemarkering av krystallnatten i Ålesund ved Paviljongen. Det blir fakkeltog gjennom sentrum, foredrag ved Per Arne Vatnøy og minnemarkering. Krystallnatta fann stad natt til 9. november 1938, då jødiske butikkar, synagoger og heimar vart vandaliserte og brent i Tyskland og Østerrike. Namnet viser til glasskåra som dekte gatene etter at vindauge vart knust, og vart eit symbol på starten av ei brutal forfølgjing som kulminerte i Holocaust.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med leiar for MIFF Sunnmøre, Marit Heggen Stokke, som arrangerer markeringa i Ålesund.

Friday Nov 07, 2025
Damekveld i Norkirken Molde
Friday Nov 07, 2025
Friday Nov 07, 2025
Fredag 14. november arrangerer Norkirken Molde damekveld med fokus på å tene kvarandre i kjærleik. Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Marit Janbu, som er leiar av damearbeidet.

Thursday Nov 06, 2025
Apologetikk-kveld i Misjonssalen
Thursday Nov 06, 2025
Thursday Nov 06, 2025
Søndag skal det arrangerast ein kveld med apologetikk i Misjonssalen Ålesund. Joakim Solbakken, pastor i Sula frikirke og engasjert i Støperiet, fortel om kvelden der Rune Tobiassen skal fortelje om boka om kvifor han sjølv er ein kristen. Tobiassen er leiar i Tro & Medier, tidlegare pastor, og forfattar. Kvelden er for alle aldre fortel Solbakken i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Thursday Nov 06, 2025
Vil løfte fram håp og tru gjennom produksjonane
Thursday Nov 06, 2025
Thursday Nov 06, 2025
I 2023 starta Marie Helene Høyberg Westory filmselskap i Ålesund. Selskapet satsar på dokumentarfilm og Høyberg fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at det dei lagar skal løfte fram håp og tru. Hennar eige førebilete er Jesus og måten han løfta fram ulike mennesker sine historier på. Ho ynskjer at dei prosjekta ho er med å produsere fram skal også kunne stå etter henne og det ho sjølv står for.
Høyr heile intervjuet med Marie Helene Høyberg på Radio Sunnmøre.

