Episodes

Thursday Jan 08, 2026
Mannshelg på Brusdalsheimen
Thursday Jan 08, 2026
Thursday Jan 08, 2026
Til helga 9.-12. februar er det mannshelg på Brusdalsheimen. Talar for helga er Rolf Kjøde, og både Tor Rødseth og Valderøykvartetten blir med som songkrefter. Høyr Arild Ove Halås fortelle om både tema og program i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Wednesday Jan 07, 2026
Rapport frå mannshelg på Vestheim
Wednesday Jan 07, 2026
Wednesday Jan 07, 2026
I helga 2. -4. januar var det mannshelg på Vestheim i regi av Misjonssambandet. Regionleiar Steffen Stensland fortel at helga kjem til å leve i han i lang tid framover. Badstu, fjelltur og idrett i Vestneshallen stod på programmet, i tillegg til god mannssong, seminar og undervisning. Stensland er godt nøgd med helga og gir ein detaljert rapport om helga på Radio Sunnmøre.

Wednesday Jan 07, 2026
Første dag på jobb som krinsleiar i IMF Sunnmøre
Wednesday Jan 07, 2026
Wednesday Jan 07, 2026
På nyåret 1. januar starta Lars Petter Ødegård som krinsleiar i ImF Sunnmøre. Han starter i 30 % og aukar til 100 % frå 6. april. - Tida framover blir brukt til å sette seg inn i ting, og eg har allereie hatt mange fine samtalar, fortel Ødegård på sin fyrste arbeidsdag. Han gler seg til å kome rundt å besøke folk, og i starten blir det å få eit overblikk over alt arbeidet.

Wednesday Jan 07, 2026
Søndagens tekst 11. januar
Wednesday Jan 07, 2026
Wednesday Jan 07, 2026
I Søndagens tekst denne veka får vi høyre frå Matteus 3, 13-17 om då Jesus var døypt. I ein samtale med prost Karl Johan Bjørge snakkar vi om kva som skjedde og kvifor det skjedde.

Tuesday Jan 06, 2026
Bøneveke med Søndagsskulen Norge
Tuesday Jan 06, 2026
Tuesday Jan 06, 2026
Den 19. - 25. januar arrangerer Søndagsskulen Norge ei bøneveke. Dei ynskjer å fylle veka, alle timane, men ulike mennesker som vil be kontinuerleg for eit nytt år. Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Ragnhild Ljøkjell Knotten, frivillighetsleder i Søndagsskulen Norge.

Tuesday Jan 06, 2026
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Tuesday Jan 06, 2026
Tuesday Jan 06, 2026
Eit litt annleis 50 års jubileum skal vi få høyre om i årets fyrste Kvardagsprat med Irene Krokeide Alnes. Tysdag er det klart for formiddagstreff i Ulsteinvik, men for 50 år sidan då Irene og Marit skulle til Ulsteinvik vart turen ein meir strabasiøs tur enn forutsett. Krokeide Alnes fortel også om planane for det nye året og ser fram til alt det spanande som ligg framføre.

Monday Jan 05, 2026
Emblem bedehus med nytt namn
Monday Jan 05, 2026
Monday Jan 05, 2026
På årsmøtet til Emblem bedehusforsamling i februar vart det vedteke at forsamlinga hausten 2025 skulle endre namn til Bedehuskirka Emblem. Under julekonserten 21. desember vart det nye namnet lansert. Vi har tatt ein prat med pastor Arild Ove Halås om bakgrunnen for namneendringa.

Sunday Jan 04, 2026
Søndagens tekst 4. januar
Sunday Jan 04, 2026
Sunday Jan 04, 2026
I søndagens tekst høyrer vi frå Matteus 2, 1-12 om då vismennene hyllar Jesus. I ein samtale med prost, Karl Johan Bjørge, høyrer vi om kva teksta inneheld og kva teksta fortel oss om Kristi openberringsdag.

Thursday Jan 01, 2026
Søndagens tekst 1. januar
Thursday Jan 01, 2026
Thursday Jan 01, 2026
I søndagens tekst høyrer vi frå Lukas 2, 21. I ein samtale med prost, Karl Johan Bjørge, snakkar vi om kva teksta betyr.

Wednesday Dec 31, 2025
Søndagens tekst 31. desember
Wednesday Dec 31, 2025
Wednesday Dec 31, 2025
I Søndagens tekst 31. desember, på sjølvaste nyttårsafta, høyrer vi frå Lukas 13, 6-9. Teksta handlar om fikentreet som ikkje bar frukt. I ein samtale med prost, Karl Johan Bjørge, snakkar vi om kva teksta inneheld og betyr.

