Episodes

Monday Nov 24, 2025
Skattkammeret er for alle
Monday Nov 24, 2025
Monday Nov 24, 2025
Kirkens bymisjon eig Skattkammeret i Spjelkavik som er eit verkeleg skattkammer for alle som er aktive året gjennom. Det er utstyr for alle typar aktivitetar ein kan låne heilt gratis. Det er som ein utlånssentral, som eit bibliotek, med alt frå skiutstyr til hagespel. Sondre Stensbøl arbeidar på Skattkammeret og fortel ivrig i eit intervju på Radio Sunnmøre om alt ein kan få lånt året gjennom.

Friday Nov 21, 2025
Tek kvardagen tilbake i Jerusalem
Friday Nov 21, 2025
Friday Nov 21, 2025
I eit nytt intervju med Teena Ben-Haim fortel ho at Israel no jobbar med å ta kvardagen tilbake. Det er få som vil tilbake dit ein var før 7. oktober for to år sidan, men at ein no jobbar framover og ynskjer å bli eit mindre polarisert samfunn enn tidlegare. - Eg opplever at vi er annleis enn då og har vokst, seier Ben-Haim. Ho fortel at alle håpar på ei betre framtid.
Vi tek også ein prat om tida som no ligg framføre i Israel, nemleg høgtida Hanukka, og vi snakkar litt om korleis vi i Noreg feirar Jesu fødsel i desember og at dei ikkje gjer det i Jesu heimland.
Høyr nyaste praten med Te`ena Ben-Haim i Jerusalem.

Thursday Nov 20, 2025
Tonar frå det høge
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Fredag skal det i Spjelkavik kyrkje vere orgelkonsert med organist Magnus Kløften. Tonar frå det høge er tittelen på arrangementet og presenterer orgelet som soloinstrument. Kløften kjem frå Trondheim til Sunnmøre for å halde konserten, og i eit intervju på Radio Sunnmøre fortel han om bakgrunnen og innhaldet i konserten fredag kveld.

Thursday Nov 20, 2025
FRIVILLIG på Langevåg bedehus
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Terje Vik er far, bestefar og no pensjonist. Han er aktiv som frivilleg på Langevåg bedehus. Det var via kona han kom med i forsamlinga etter at dei gifta seg og flytta til Langevågen. Vik har vore med i dugnadsarbeid både i bygging, oppussing og i møteverksemd på bedehuset. - Eg trivast veldig godt i praktisk arbeid. Og så driv eg med utleigeverksemda og møteverksemda, seier Vik til Radio Sunnmøre. -Det gir meg ein kvalitetsdag å delta i dette arbeidet. Vi er født til fellesskap og ikkje til å sitte på kvart vårt nes. Så det å kunne bidra til noko i samfunnet, som har betydning for andre, det opplevast som godt og meinigsfullt, seier Vik.
Høyr heile intervjuet med Terje Vik.

Thursday Nov 20, 2025
Jesus sin likningar fasinerer
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Lars Petter Ødegård, ny krinsleiar i ImF Sunnmøre frå 1. januar 2026, har Ord til etteratanke på Radio Sunnmøre denne veka. Andaktene og intervjuet er ei reprise frå tidlegare i år, men bodskapen i andaktene er like relevant no. Vi får i intervjuet høyre litt om arbeidet han har gjort i Misjonssalen i Kristiansund som pastor og oppbygginga av den.
I Ord til ettertanke denne veka delar Ødegård fem av Jesu sine likningar som fasinerer han sjølv.

Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke 17. november
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegård

Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke 18. november
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegård

Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke 19. november
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegård.

Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke 20. november
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegård.

Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke 21. november
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegård.

