Episodes

Saturday Aug 20, 2022
Livet med Jesus - Ord til ettertanke 04 Kjell Furnes
Saturday Aug 20, 2022
Saturday Aug 20, 2022
Kjell Furnes er ein av veteranane i misjonsarbeidet på Sunnmøre. Som 17 åring blei han ein kristen, og no nesten 70 seinare kan han sjå tilbake på eit langt liv saman med Jesus Kristus. Denne veka deler han sine tanker om å leve som ein kristen og tek utgangspunkt i ulike vers og historiere frå Bibelen. Løft blikket og sjå mot stranda på din symjetur over livsens hav er eit av bilete han løftar fram når han gjev oss Ord til ettertanke.

Saturday Aug 20, 2022
Livet med Jesus - Ord til ettertanke 05 - Kjell Furnes
Saturday Aug 20, 2022
Saturday Aug 20, 2022
Kjell Furnes er ein av veteranane i misjonsarbeidet på Sunnmøre. Som 17 åring blei han ein kristen, og no nesten 70 seinare kan han sjå tilbake på eit langt liv saman med Jesus Kristus. Denne veka deler han sine tanker om å leve som ein kristen og tek utgangspunkt i ulike vers og historiere frå Bibelen. Løft blikket og sjå mot stranda på din symjetur over livsens hav er eit av bilete han løftar fram når han gjev oss Ord til ettertanke.

Saturday Aug 20, 2022
Livet med Jesus - Ord til ettertanke intervju med Kjell Furnes
Saturday Aug 20, 2022
Saturday Aug 20, 2022
Kjell Furnes er ein av veteranane i misjonsarbeidet på Sunnmøre. Som 17 åring blei han ein kristen, og no nesten 70 seinare kan han sjå tilbake på eit langt liv saman med Jesus Kristus. Denne veka deler han sine tanker om å leve som ein kristen og tek utgangspunkt i ulike vers og historiere frå Bibelen. Løft blikket og sjå mot stranda på din symjetur over livsens hav er eit av bilete han løftar fram når han gjev oss Ord til ettertanke.

Friday Aug 19, 2022
Sele er dei som - Dei forfulgte kristne - del 36
Friday Aug 19, 2022
Friday Aug 19, 2022
Denne hausten vil Stig Magne Heitmann bruke mykje tid på å undervise om Saligprisningane som Jesus løftar fram i Bergpreika. Dette er ord som kan ha stor betydning for dei som vil vere Jesu disiplar også i 2022, og det er ord som gjev trøyst og oppmuntring for menneske som opplever å bli forfulgt for si tru.

Friday Aug 19, 2022
Lyset i Nordal - 100 års jubileum
Friday Aug 19, 2022
Friday Aug 19, 2022
I år er det 100 år sidan 2 1/2 år gamle Erling Rønneberg gjekk seg bort i fjella i Nordal. Fleire hundre menneske leita etter han utan at guten vart funnen. Jordmora i bygda samla folk i bøn om at guten skulle bli funnen i live. Om natta såg bygdefolket eit stort og sterkt lys langt oppe i fjellet, og neste morgon fann dei Erling akkurat der lyset hadde vore. Han var kald og bevistlaus men i live. Han kom frå hendinga utan eingong å verte forkjøla. Nokre år seinare var Erling ombord på hurtigruteskipet Irma når det vart torperdert og sokk på Hustadvika. Vi har hatt besøk i studio av Frode Rønneberg. Erling var onkelen hans, og han fortel historia om lyset i Nordal og om onkelen sin.

Thursday Aug 18, 2022
Vellukka SommarFLØrt_intervju Åge Grimstad
Thursday Aug 18, 2022
Thursday Aug 18, 2022
Forrige helg vart SommarFLØrt arrangert for fyrste gong på FLØ, tross eit skikkeleg sunnmørsk sommarver med regn og vind. Den flottaste opplevinga var avslutningskonserten med Koinonia og fem hundre i publikum. Åge Grimstad fortel om eit svært vellukka arrangement i eit intervju med Radio Sunnmøre.

Wednesday Aug 17, 2022
Sommarfest på Langevåg bedehus
Wednesday Aug 17, 2022
Wednesday Aug 17, 2022
Søndag inviterer Langevåg bedehus til Sommarfest med god mat og aktiviteter. Kristine Hurlen er ein av dei som står bak dette nye arrangementet på bedehuset i sentrum av Langevåg, og alle er velkomne til søndagens sommarfest. Høyr intervjuet med Hurlen som fortel meir om kva som skal skje.

Wednesday Aug 17, 2022
Oppmuntranda generalforsamling i Misjonssambandet
Wednesday Aug 17, 2022
Wednesday Aug 17, 2022
Det var mange som var spente før Misjonssambandet si generalforsamling i sommar, Dette skuldast både uroa som har prega organisasjonen dei siste to år, og nokre av sakene som skulle drøftast og behandlast. Mellom anna skulle ein ta stilling til om kvinner kunne få lov å veljast inn i organisasjonen sitt hovudstyre. Vi tok ein prat med pastor i Misjonssalen i Ålesund, Andreas Bakke som kan fortelje at det vart ei konstruktiv, positiv og oppløftande samling som ga inspirasjon og pågangsmot.

Tuesday Aug 16, 2022
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland_160822
Tuesday Aug 16, 2022
Tuesday Aug 16, 2022
Søndag er det Orrenesstemnet på Orreneset Misjonssenter. Det er eit stemne som arrangerast kvart år i august. I år er det Marit Stokken Berland og Jarle Berland som held møter kl. 12 og kl. 1430, og det blir sal mellom møta.
I kvardagspraten i dag snakkar vi i tillegg om det å starte opp igjen i haust med møteverksemd, om det å kome seg ut av godstolen og møtast saman i eit kristen fellesskap, og vi høyrer meir om nauda Marit har for at fleire skal få høyre om Jesus.
Høyr kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Monday Aug 15, 2022
Barnevakten 3322_ Fem Roblox-spel du kan teste med borna
Monday Aug 15, 2022
Monday Aug 15, 2022
Bygg og driv ein restaurant eller ein fornøyelsespark med borna, eller spring gjennom store hinderløyper. Dette er noko av dei Roblox-spela du og borna din kan spele saman. Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å høyre meir om dette.