Episodes

Thursday Aug 25, 2022
P7 Kristen Riksradio og pTro går mot fusjon
Thursday Aug 25, 2022
Thursday Aug 25, 2022
Det har vore fusjonssamtalar mellom P7 Kristen Riksradio og pTro sidan hausten 2021. Samanslåinga vil bli behandla på ekstraordinære årsmøter i organisasjonane 23. september.
Dei to radiokanalane er kvar for seg store kristne radiokanaler med nedslagsfelt frå Vestlandet til Austlandet, og i Nord-Noreg. Til saman fortel dei at dei når over 100.000 unike lyttarar kvar månad. Sidan kanalane allereie har same målgruppe og profil, og ser på seg sjølv om svært like, har dei eit ynskje om å bli ein felles organisasjon og kanal.
Vi har tatt ein prat med styreleiar for P7 Kristen Riksradio, Anja Ulveseth Heggen.

Wednesday Aug 24, 2022
Nytt nettvettkonsept for ungdom_Barnevakten 3422
Wednesday Aug 24, 2022
Wednesday Aug 24, 2022
Ung på nett vart lansert under Arendalsuka i august, og det er Barnevakten som har kome med eit nytt førebyggande nettvettkonsept til ungdomsskular i heile Noreg. Lærarar og skuleleiarar inviterast til å sette opp foredrag, kurs og gjennomføre klasseromsundervisning i Ung på nett utover hausten med støtte frå Barnevakten. Målet er å gje deltakarane verktøy til å førebygge nettmobbing, hatprat, utenforskap og kriminalitet i digitale kanalar. Vi har tatt ein prat med dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik.

Wednesday Aug 24, 2022
Emblemsfjellet opp
Wednesday Aug 24, 2022
Wednesday Aug 24, 2022
For niande gong vert motbakkeløpet Emblemsfjellet Opp (tidlegare Østremsetra Opp) arrangert søndag 28. august. Ålesund løpevenner står bak løpet, som også er eit samarbeid med Åpne Dører og Emblem bedehusforsamling. I tillegg til hovudløpet opp fjellet på Emblem, vert det eit løp over hele Emblemsfjellet frå Spjelkavik for dei som verkeleg er spreke. Med utgangspunkt på Emblem bedehus vert det arrangert både barneløp og mosjonsløp/trimløp. Alle som deltek betalar ein kontingent på 100,- og desse pengane går til ein barneheim som Åpne Dører driv i Colombia. Vi har snakka med Helge Åkernes i Åpne Dører om kva som skal skje søndag 28. august.

Tuesday Aug 23, 2022
Ny søndagsskulekonsulent for Sunnmøre og Nordfjord
Tuesday Aug 23, 2022
Tuesday Aug 23, 2022
Denne hausten har Sunnmøre og Nordfjord fått ny søndagsskulekonsulent. Vi har hatt besøk i studio av Hilde Balsnes Lande og snakka med ho om kva tankar ho har om å gå inn i denne stillinga. Jesus til barna er målet for alt arbeid i søndagsskulen, og draumen er at det skal vere ein søndagsskule i alle bygder og bydelar i landet vårt.

Tuesday Aug 23, 2022
Søndagsskulens dag 28. august
Tuesday Aug 23, 2022
Tuesday Aug 23, 2022
Hakkalegarden er ein opplevelsesgard som ligg på Hakkalestranda i Vanylven kommune på søre Sunnmøre. Her kan du møte mange spennande dyr og oppleve mykje rart. Søndag 28. august vert søndagsskulens dag arrangert her, og alle søndagsskulane på Sunnmøre og i Nordfjord er invitert. Vi har hatt besøk i studio av den nye søndagsskulekonsulenten for Nordfjord og Sunnmøre, Hilde Balsnes Lande som gler seg til å møte små og store søndagsskulefolk komande søndag.

Tuesday Aug 23, 2022
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes_230822
Tuesday Aug 23, 2022
Tuesday Aug 23, 2022
Å dele trushistorier er noko av det næraste ein kan gjere, og i kvardagspraten denne veka får vi høyre ei sterk historie Irene Krokeide Alnes fekk høyre under opphalde på Hermon høyfjellshotell. I tillegg får vi høyre om Bibel og sang som skal vere på Bjorliheimen i september. Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Monday Aug 22, 2022
Sang- og musikkhelg i Fosnavåg
Monday Aug 22, 2022
Monday Aug 22, 2022
Enno ein gong er det klart for sang- og musikkhelg på Thon Hotell Fosnavåg. Siste helga i august kan du sjå og høyre songarer og musikarar frå både inn og utland gjennom tre dagar med konsertar. Krinsleiar i ImF Sunnmøre, Johan Halsne er stevneleiar og her kan du høyre ha fortelje om dei siste detaljana. Alle hotellrom er utselde, men konsertane er åpne for alle så langt det er plass i konsertsalen.

Saturday Aug 20, 2022
Livet med Jesus - Ord til ettertanke 01 Kjell Furnes
Saturday Aug 20, 2022
Saturday Aug 20, 2022
Kjell Furnes er ein av veteranane i misjonsarbeidet på Sunnmøre. Som 17 åring blei han ein kristen, og no nesten 70 seinare kan han sjå tilbake på eit langt liv saman med Jesus Kristus. Denne veka deler han sine tanker om å leve som ein kristen og tek utgangspunkt i ulike vers og historiere frå Bibelen. Løft blikket og sjå mot stranda på din symjetur over livsens hav er eit av bilete han løftar fram når han gjev oss Ord til ettertanke.

Saturday Aug 20, 2022
Livet med Jesus - Ord til ettertanke 02 Kjell Furnes
Saturday Aug 20, 2022
Saturday Aug 20, 2022
Kjell Furnes er ein av veteranane i misjonsarbeidet på Sunnmøre. Som 17 åring blei han ein kristen, og no nesten 70 seinare kan han sjå tilbake på eit langt liv saman med Jesus Kristus. Denne veka deler han sine tanker om å leve som ein kristen og tek utgangspunkt i ulike vers og historiere frå Bibelen. Løft blikket og sjå mot stranda på din symjetur over livsens hav er eit av bilete han løftar fram når han gjev oss Ord til ettertanke.

Saturday Aug 20, 2022
Livet med Jesus - Ord til ettertanke 03 - Kjell Furnes