Episodes

Friday Oct 28, 2022
Roblox med ny foreldrekontroll_Barnevakten 4322
Friday Oct 28, 2022
Friday Oct 28, 2022
I ei fersk oppdatering har Roblox innlemma aldersgrenser på spela som finnast på plattforma. Foreldre kan no luke bort spel etter alder.
Vi har tatt ein prat med spelrådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å høyre meir om både fordelane og ulempene dette medfører.

Friday Oct 28, 2022
Familien Bergersen i Japan-Intervju med Karoline Skjong Bergersen
Friday Oct 28, 2022
Friday Oct 28, 2022
Etter nokre veker i Japan endeleg ein bustad kome på plass. Det er ikkje berre berre å finne seg bustad å leige i landet. Ein set seg på venteliste der meglar skal godkjenne leigetakar. Eit bustadhus i passe avstand til familien Bergersen sin kvardag har endeleg kome på plass og dei er klare for å flytte inn. Også bil er greit å ha for ein familie på fire for å kome seg både hit og dit, og vi får i tillegg til dette høyre om haustsamlinga familien er med på saman med fleire skandinaviarar.
Høyr det nyaste intervjuet med Karoline Skjong Bergersen, som saman med familien bur i Japan.

Thursday Oct 27, 2022
Heime på Hatlehol med Ålesund Gospelkor
Thursday Oct 27, 2022
Thursday Oct 27, 2022
Komanda søndag, den 30. oktober vert du invitert til ei hyggeleg og uformell samling på Ålesund Folkehøgskole. Det er den lokale kyrkjelyden som saman med Ålesund Gospelkor innbyr til en triveleg kveld med mykje song, kaffe og triveleg samvær. Dirigent i Ålesund Gospelkor, Vidar Åsebø har vore i studio og vi tok ein prat med han om kva du kan vente deg hvis du tek turen.

Thursday Oct 27, 2022
Val på ny nasjonalforsamling i Israel - Nytt frå Jerusalem del 29
Thursday Oct 27, 2022
Thursday Oct 27, 2022
Enno ein gong skal folket i Israel gå til vallokala og vere med å avgjere kven som skal styre landet. Mykje av valkampen handlar om for eller imot den gamle ringreven Benjamin Netanyaho som enno ein gong prøver å gjere come-back i politikken i Israel. Dei mange småpartia ute på høgre og venstre fløy set også sitt preg på politikken i Israel. Te'ena Ben Haim i Jerusalem er spent på utfallet av valet, og dette er tema i ein ny episode i vår serie Nytt frå Jerusalem.

Thursday Oct 27, 2022
Kinodokumentar om Hans Nielsen Hauge i Misjonssalen Ålesund
Thursday Oct 27, 2022
Thursday Oct 27, 2022
Søndag 30. oktober vert det kinokveld i Misjonssalen i Ålesund. Då er du invitert til førpremiere på kinodokumentaren om Hans Nielsen Hauge. Filmen vises kl. 2000 og du kjøper billetar i døra (kr. 100,-). Dette er ein heilt ny film som skal ha premiere på kinoane rundt om i landet over jul. Det er ei blanding av spelefilm og dokumentarfilm om mannen som mange meinar er ein av dei viktigaste personane i Norges historie.

Wednesday Oct 26, 2022
Bønn for journalistar og medier_Mediekommentaren frå Tro og Medier
Wednesday Oct 26, 2022
Wednesday Oct 26, 2022
I vekas mediekommentar fortel dagleg leiar i Tro og Medier, Jarle Haugland, om kvifor bønn for media er viktig. Og i kommentaren oppfordrar Haugland alle til å vere med å be for landets journalistar og medier fyrstkomande søndag.

Wednesday Oct 26, 2022
Adventskalender for dei minste
Wednesday Oct 26, 2022
Wednesday Oct 26, 2022
Firmaet intempo har utvikla ein adventskalender for dei aller minste borna fra 0-4 år. Gjennom 24 dagar fram mot jul møter ein kvar dag ein ny figur som skal på plass i julekrybba. Dette gjer det lettare for dei små å lære julefortellinga og utvikle eit språk for å snakke om trua si når dei vert større. Denne adventskalenderen er også ei stor hjelp for både foreldre, besteforeldre, faddarar og andre til å snakke med dei minste om kva jula handlar om. Vi har snakka med Elisabeth Hunnes som er ein av dei som står bak utviklinga av denne adventskalenderen.

Tuesday Oct 25, 2022
Syng jula inn på Julecruise
Tuesday Oct 25, 2022
Tuesday Oct 25, 2022
Torsdag 8. desember ynskjer Plussreiser og Imf Sunnmøre til å synge jula innpå Julecruise. Dersom veret tillater det blir det midtfjords. Då får ein nyte ein herleg julelunsjbuffet til minikonsert av Emilia Lindberg, og synge med på julesongar med Marie Gudmestad. I tillegg blir det utlodning med spanande gevinstar.
Johan Halsne blir også med på cruiset, og vi har tatt ein prat med han.

Tuesday Oct 25, 2022
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes_251022
Tuesday Oct 25, 2022
Tuesday Oct 25, 2022
I helga deltok Irene Krokeide Alnes på Kvinner i Nettverk, ei kvinnekonferanse som samla fleire tusen kvinner på Oslofjord Concention Center. Ei svært inspirerande helg fortel Irene om i vekas kvardagsprat. Til slutt deler Irene eit ord for denne veka om å bli satt fri ved å kjenne til Guds Ord.
Irene Krokeide Alnes er på tur med hurtigruta når vi tek kvardagspraten over telefon denne gongen.

Monday Oct 24, 2022
Fokus på Iran - Dei forfulgte kristne del 40
Monday Oct 24, 2022
Monday Oct 24, 2022
I Iran tek tusenvis av kvinner til gatene i protest mot presteregimets harde handheving av sharia-lovene i Islam. Med fare for eige liv demonstrerer dei for fridom og menneskerettar. Kan desse store demonstrasjonane også gjere det lettare for dei mange kristne i Iran som kvar dag lever under forfølgelse for si tru. Det er også andre religiøse minoritetar som vert forfulgte i Iran som treng vår forbøn og oppmerksomhet. Dette er tema for ein ny samtale med Stig Magne Heitmann i serien Dei forfulgte kristne.