
213.7K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Dec 5, 2023
Dec 5, 2023
6 min
No i desember skal Irene Krokeide Alnes ha boklansering av sin nye andaktsbok, i tillegg til å vere med på konseptet Mat&Prat på Straume. I kvardagspraten tek vi ein prat om adventstida og Krokeide Alnes minner oss om å fryde og glede oss kvar dag når vi kjenner Jesus.

Dec 4, 2023
Dec 4, 2023
25 min
Rundt om i Norge finnes det flere tusen bedehus hvor forskjellige misjonsorganisasjoner har hatt (og fremdeles har) sitt arbeid. Historien og særpreget til bedehuset står i sentrum for en ny episode i vår serie om Kristne menigheter og trossamfunn. Rolf Kjøde er vår gjest og gir oss en innføring i denne delen av det kristne arbeidet i Norge.

Dec 1, 2023
Dec 1, 2023
4 min
-Julehøgtida er for mange ei koseleg tid, med familie, julekaker og tente lys. Til og med ikkje-kristne kan smile til forteljinga om den vesle babyen som vart fødd i ein stall, innleier Jarle Haugland vekas mediekomentar frå Tro & Medier.
Vidare i mediekommentaren seier Haugland at vi lever i ei viktig brytningstid, der Noreg har blitt eit etterkristent land. Det er ikkje lenger sjølvsagt i vårt samfunn at jula er ei kristen høgtid. Vil Jesus vere synleg i framtidas julefeiring?
Høyr vekas mediekommentar frå Tro & Medier ved dagleg leiar Jarle Haugland.

Dec 1, 2023
Dec 1, 2023
4 min
Vi tok turen innom StoreVING på Emblem bedehus denne uka når 45 barn i alderen 10-13 år hadde pepperkake-bakekveld. Liam Akslen og Arn Skogstad liker seg godt på VING, og vi fikk en prat med de sammen med hovedleder Rune Myklebust.

Nov 30, 2023
Nov 30, 2023
6 min
Bli med Sigrunn og Martin Ivar Arnesen til Madagaskar til våren. Den store øya som er 1,5 ganger så stor som Norge har en variert natur og et spesielt dyreliv. Ekteparet Arnesen har i mange år vært misjonærer på Madagaskar og kjenner både landet og folket godt, og vil også gi deg et møte med mye av det spennende kristne arbeidet som drives rundt omkring.

Nov 30, 2023
Nov 30, 2023
4 min
Det ganske ferske koret Volda gospelkor skal søndag 10. desember ha julekonsert i Ørsta kyrkje. Siv Aurdal fortel at koret har songarar i alle aldre frå studiealder til nær 60 år og har gjerne plass til fleire, og då særleg herrestemmer.
Søndag 10. desember blir det julekonsert saman med Jon Lotterud, Ingvild Nagell-Dahl og Trond Nagell-Dahl. Sistnevnte er kjend frå tv-konseptet Beat for beat, og saman reiser desse tre rundt med konseptet Nå kommer jula hit. No kjem altså jula også til Ørsta kyrkje saman med Volda gospelkor, og vi har tatt ein prat med dirigent Siv Aurdal som fortel meir.

Nov 29, 2023
Nov 29, 2023
4 min
Tradisjonen tru blir det også i år arrangert Stjernedryss i adventstid på Sunnmøre. Det er Johan Halsne i IMF Sunnmøre som står bak arrangementet, og i år har han gjort ein liten vri frå tidlegare år. I staden for ein ny gjest på dei ulike kveldane har han i år med artistane Sarah og David Åstrøm og Marie Gudmestad kvar kveld. I tillegg blir Arild Ove Halås og Randi Fagerhold Lauvås saman med Halsne sjølv. Den fyrste kvelden blir på Sylte bedehus i Valldal tysdag 5. desember.

Nov 29, 2023
Nov 29, 2023
3 min
Rekneskapet til IMF Sunnmøre viser per 31. oktober at krinsen kjem til å lande på eit underskot nær ein million kroner i utgongen av året. Krinsleiar Johan Halsne viser til høgare kostnader, auke i lønsvekst og meir forsiktige givarar i ei krevjande tid. Tidlegare har det kome inn større gåver, sal av eigedom eller testamentariske gåver på slutten av året, som har gjort at underskotet ikkje har vore så stort som det er i år. Likevel ser krinsleiar Halsne ikkje mørkt på framtida, men seier at ein må fylgje med og sjå kva endringar ein eventuelt må gjere. Høyr intervjuet med Johan Halsne.

Nov 28, 2023
Nov 28, 2023
10 min
Etter fire veker i Konsmo har møtevekene med Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes no blitt avslutta. I kvardagspraten fortel Marit om ei flott siste veke med mange vitnesbyrd og fleire fornya menneske. No går Marit inn i ei roligare adventstid enn ho vanlegvis har og i kvardagspraten oppfordrar ho lyttarane til å bruke adventstida til å ta seg tid til å lytte, og å bruke tid på kva jula eigentleg handlar om.

Nov 27, 2023
Nov 27, 2023
7 min
Radio Sunnmøre fikk være med på juleavslutningen på Allsang i Bygda i Sykkylven. Hver måned samler Sykkylven Kyrkjelyd, Helselaget og Sangglade Pensjonister rundt 100 personer til allsang og formiddagskaffe. Når vi var tilstede ble det satt ny rekord og over 140 sangglade mennesker møtte opp. Diakon Kristin Kjemphol Lohne og pianist Askjell Moldvært står i spissen for disse samlingene sammen med mange gode hjelpere.
