Episodes

Wednesday Jul 05, 2023
Meinar hans kristne ståstad øydela for karriere i NRK
Wednesday Jul 05, 2023
Wednesday Jul 05, 2023
I perioda 2009 til 2011 arbeidde Steinar Saltvik i NRK Hedmark og Oppland (i dag NRK Innlandet) på kontrakt, som kameramann og grafiker samtidig som han fullførte TV-studiane.
Han deltok i redaksjonsmøta med sin bakgrunn og sine haldningar som kristen. I nokre av sakene der han delte sine synspunkt på at vinklinga var misvisande utifrå det han sjølv visste var sant, så forstod dei andre at han var ein kristen. Då opplevde han å bli møtt av ein overordna kollega med: - Å, er du kristen? Eg trudde ikkje at vi tilsette kristne i NRK.
Etter ei anna hending vart han kalt inn på sjefens kontor og fekk beskjed om at dette sannsynlegvis ville få konsekvensar for hans karriere i NRK. I ettertid har ikkje Saltvik ein gong fått svar på søknadar han har hatt til NRK.
I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel Saltvik at denne opplevinga har vore svært vond også i ettertid. Han synest det ikkje bør vere slik at du ikkje skal kunne få vere deg sjølv, med den trua du har, også i ein redaksjon i NRK. Og at det i ein statseigd kanal bør vere plass til ulike livssyn og meiningar når ein skal diskutere saker i ein nyheitsredaksjon.
Til Dagen seier Helge Kirkhus, som på denne tida var teknologisjef i NRK Hedmark og Oppland: -Jeg vil benekte på det sterkeste at folks personlige valg, enten det gjelder livssyn eller politikk, avgjør om du får jobbe hos NRK. Vi har folk fra mange forskjellige bakgrunner og med ulike livssyn.
Til det seier Saltvik til Radio Sunnmøre: -Det er bra at NRK vil tenke slik at ein skal få halde på trua si. Det er nok slik at du kan vere kristen i NRK, så lenge du ikkje kjem med dine perspektiv basert på di tru. Men kan du då kome og arbeide som kristen i NRK og vere deg sjølv, eller skal du late som du er nokon andre og legge skjul på den du er?
På grunn av ferie fekk ikkje NRK nokon til å stille til intervju på Radio Sunnmøre, og henviser til svara dei har gitt til avisa Dagen.
Foto: Elin Therese Slotten

Tuesday Jul 04, 2023
Bedehuskanalen ser lyst på framtida
Tuesday Jul 04, 2023
Tuesday Jul 04, 2023
I snart 16 månader har Bedehuskanalen vore på lufta og Johnn Hardang ser lyst på framtida. For to år sidan var han spent på prosjektet og idag er han takksam for kanalen som er oppe og går. Kanalen har fem regionale tv-baser rundt om i landet, i tillegg til TV12 Mediesenter i Øygarden kommune.
I budsjettarbeidet har kanalen eit årsbudsjett på 15 millioner kroner. I det ligg satelittkostnader, lønsutgifter til ni årsverk, og andre utgifter. For å halde dette budsjettet treng kanalen 1250000 kroner inn kvar månad, og per nå så held kanalen budsjettet. - Dersom denne trenden held fram, så får vi ei drift med større inntekter enn utgifter, seier dagleg leiar Johnn Hardang.
Bedehuskanalen er fyrst og fremst ein forkynnande kanal og har etablert seg i hovedsak for målgruppa 60+.

Tuesday Jul 04, 2023
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes_040723
Tuesday Jul 04, 2023
Tuesday Jul 04, 2023
Denne veka er Irene Krokeide Alnes på bibelkonferanse på Framnes som skal direkteoverførast på Bedehuskanalen. Som utstkremt reporter skal Irene ta ein prat med folk på veg inn på møte, og kjenner på dette som ei ny utfordrande oppgåve. Etter snart 50 år som songevangelist synest Irene at det det er spanande å hoppe inn i nye utfordringar, og i kvardagspraten seier ho at så lenge vi lever på jorda er der ei teneste for den enkelte.
Høyr sommarens siste kvardagsprat med Irene Krokeide Alnes.

Monday Jul 03, 2023
Å bli ein kristen - tilgivelse
Monday Jul 03, 2023
Monday Jul 03, 2023
Kva betyr det å tilgi? Kor stor betydning har tilgivelse i det å vere ein kristen? I serien Å bli ein kristen er dette tema i vekas episode. I ein prat med Irene Krokeide Alnes samtalar vi i fleire episoder om kva det betyr å vere ein kristen og korleis ein kan bli ein kristen.

Saturday Jul 01, 2023
Menn og kvinner i Bibelen - Ord til ettertanke 01_262023 Mathias Mulelid
Saturday Jul 01, 2023
Saturday Jul 01, 2023
Hva kan vi lære av personer som levde for flere tusen år siden og som vi møter når vi leser i Bibelen? Det er utgangspunktet når Mathias Lindgren Mulelid gir oss Ord til ettertanke denne gangen.

Saturday Jul 01, 2023
Menn og kvinner i Bibelen - Ord til ettertanke 02_262023 Mathias Mulelid
Saturday Jul 01, 2023
Saturday Jul 01, 2023
Hva kan vi lære av personer som levde for flere tusen år siden og som vi møter når vi leser i Bibelen? Det er utgangspunktet når Mathias Lindgren Mulelid gir oss Ord til ettertanke denne gangen.

Saturday Jul 01, 2023
Menn og kvinner i Bibelen - Ord til ettertanke 03_262023 Mathias Mulelid
Saturday Jul 01, 2023
Saturday Jul 01, 2023
Hva kan vi lære av personer som levde for flere tusen år siden og som vi møter når vi leser i Bibelen? Det er utgangspunktet når Mathias Lindgren Mulelid gir oss Ord til ettertanke denne gangen.

Saturday Jul 01, 2023
Menn og kvinner i Bibelen - Ord til ettertanke 04_262023 Mathias Mulelid
Saturday Jul 01, 2023
Saturday Jul 01, 2023
Hva kan vi lære av personer som levde for flere tusen år siden og som vi møter når vi leser i Bibelen? Det er utgangspunktet når Mathias Lindgren Mulelid gir oss Ord til ettertanke denne gangen.

Saturday Jul 01, 2023
Menn og kvinner i Bibelen - Ord til ettertanke 05_262023 Mathias Mulelid
Saturday Jul 01, 2023
Saturday Jul 01, 2023
Hva kan vi lære av personer som levde for flere tusen år siden og som vi møter når vi leser i Bibelen? Det er utgangspunktet når Mathias Lindgren Mulelid gir oss Ord til ettertanke denne gangen.

Saturday Jul 01, 2023
Menn og kvinner i Bibelen - Ord til ettertanke26_2023 Intervju Mathias Mulelid