Episodes

Thursday Feb 05, 2026
Ord til ettertanke 5. februar
Thursday Feb 05, 2026
Thursday Feb 05, 2026
Ord til ettertanke av Gro Hofseide.

Thursday Feb 05, 2026
Ord til ettertanke 6. februar
Thursday Feb 05, 2026
Thursday Feb 05, 2026
Ord til ettertanke av Gro Hofseide.

Wednesday Feb 04, 2026
Dugnadsleirar på Bjorliheimen Fjellhotell
Wednesday Feb 04, 2026
Wednesday Feb 04, 2026
På Bjorliheimen Fjellhotell arrangerer dei nye eigarane dugnadsleiarar både vår og haust. Det er misjonsorganisasjonen Misjons Sarepta som overtok drifta av hotellet i 2025, og driv det vidare med misjon i fokus. Arild Meberg har blitt intervjua av Radio Sunnmøre om desse leirane og kva som skal til for å bli med på dei.

Wednesday Feb 04, 2026
Søndagens tekst 8. februar
Wednesday Feb 04, 2026
Wednesday Feb 04, 2026
Søndagens tekst er henta frå Matteus 17, 1-9 og handlar om då disiplane får sjå Jesu herlegheit. Det er Kristi forklarelsesdag denne søndagen. Vi les teksta og tek ein prat med prost Karl Johan Bjørge om innhaldet i teksta.

Wednesday Feb 04, 2026
Gospelhelg med Aina og Aril Schøld
Wednesday Feb 04, 2026
Wednesday Feb 04, 2026
Til helga er det gospelhelg med Aalesund gospelkor, og Aina og Aril Schøld. Sistnemnte har Radio Sunnmøre tatt ein prat med om bakgrunnen dei har frå eige gospelkor i Stavanger, og erfaringane dei tek med seg for å inspirere fleire songglade i eit Masschoir i Ålesund til helga.
Laurdag 7. februar blir det konsert på Pinsekirka Moa for alle som vil kome og lytte til det store koret med Aina og Aril Schøld i regien saman med Aalesund gospelkor.
Høyr heile intervjuet med Aril Schøld.

Tuesday Feb 03, 2026
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Tuesday Feb 03, 2026
Tuesday Feb 03, 2026
-Gle dykk i Herren alltid, deler Irene Krokeide Alnes i vekas kvardagsprat. Basar med Hummerteiner på gevinstlista, og søndagsmøte på Emblem er noko som står på kalenderen. Og vi tek ein prat om den urolege tida rundt kongehuset vårt.

Tuesday Feb 03, 2026
SKRUK på ny turnè
Tuesday Feb 03, 2026
Tuesday Feb 03, 2026
Fredag 6. februar skal SKRUK har konsert i Ålesund kyrkje, og det er starten på ein liten turnè. Svein Ola Lillestøl, tenor, fortel at koret tek ein liten turnè frå Ålesund fredag til Kristiansund laurdag, og avsluttar i Molde på søndag.
Høyr heile intervjuet med Svein Ola Lillestøl om miniturnèen til SKRUK.

Monday Feb 02, 2026
Utflytta sunnmøring Jenny Marie Ågedal
Monday Feb 02, 2026
Monday Feb 02, 2026
I serien utflytta sunnmøring har vi denne gong tatt ein prat med Jenny Marie Ågedal, født Gamlem, og vakse opp på Åse i Ålesund. Ho bur i dag i Drøbak.
Jenny er yngst av fire, og vaks opp med leir, KRASP og kretskor, og var rundt i fleire meningheter og oppdaga at det var mange kristne i same aldersgruppa. Ho gjekk vidare på Vestborg vidaregåande skule, før ho hamna på Grimstad bibelskule.
Planen var i utgongspunktet å bli lektor, men då ho gjekk på bibelskule var det teologi som gav smak. Vegen vidare vart ei master i kirkeleg undervisning, som då resulterte i å bli kateket. Dei siste 17 åra har ho altså arbeidd som kateket.
Høyr heile praten med utflytta sunnmøring, Jenny Marie Ågedal.

Monday Feb 02, 2026
På formiddagstreff i Bedehuskirka Emblem
Monday Feb 02, 2026
Monday Feb 02, 2026
Siste torsdagen i månaden har Bedehuskirka Emblem formiddagstreff. I januar var det Radio Sunnmøre som fekk vere gjest, og som fekk dele ei andakt og dele litt om radioarbeidet på Sunnmøre. Vi fekk også gjere eit intervju med nokre av dei frammøtte.
Kåre Bjørdal er ein av dei trufaste på formiddagstreffet, og han fortel i intervjuet at han set stor pris på å få kome dit og dele eit måltid med andre, og å ha eit sosialt treff saman med andre kristne ein føremiddag. Kari Lisa Roald er pianist på treffa og fortel sprudlande om den gleda ho har med å få lov til det.
Vi tok også ein prat med eldsjel Svanhild Farstad om kor viktige desse torsdagstreffa er.
Både "Hode, skulder, kne og tå", viser og salmar vart sunge, god mat vart delt og ei andakt fekk dei frammøtte også med seg.
Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Thursday Jan 29, 2026
Impuls i Molde
Thursday Jan 29, 2026
Thursday Jan 29, 2026
Første helga i mars, 6. -8. mars, arrangerast Impuls i Molde bedehus. Dette er eit ungdomsarrangement for 8. klasse og oppover, og i fjor var det over 200 ungdomar som var innom helga. Lovsongsteamet for helga kjem frå Impuls Trondheim.
Vekk oss til liv er temaet for helga, og arrangør Kathrine Celi Pèrez fortel meir om arrangementet til Radio Sunnmøre.

