Generalsekretær Gøran Byberg i Søndagsskulen Norge, krever politiattest for at du kan vere søndagsskuleleiar. - Om du ikkje har fått ordna det i løpet av året kan du ikkje vere leiar, seiar han til Radio Sunnmøre

Politiattest kveves i stadig fleire yrker. Også i frivillig arbeid er det mange som krever politiattest av sine frivillige.No vil også Søndagsskulen at deira frivillige skal ordne dette.

- For to år sidan starta vi opp dette prosjektet. men det er berre 18 % som til no har skaffa seg politiattest, fortel Byberg. Vi vil gjer det som vi kan som organisasjon for å forhindra at det kan skje overgrep.

No gjer dei ein ekstra innsats for å få leiarane til å få ordna dette. Organisasjonen har hatt opplæring og bevisstgjering for kretsleiarar og frivillige i styra rundt om  i landet. Her på Sunnmøre har 42 av 247 leiarar skaffa seg politiattest.

På nettstaden til søndagsskulen ligg forklaringa på korleis dette gjerast. Generalsekretæren vonar prosenttalet vil auke til 100% til sommaren.

Share | Download(Loading)