Episodes

Wednesday Sep 21, 2022
Radioarbeidet i Nord Korea - Åpne Dører veke 38
Wednesday Sep 21, 2022
Wednesday Sep 21, 2022
Yong Chong*, Nord Korea: «Radioprogramma er den mest dyrebare gåva for oss!»
Dette programmet har fokus på kristne radioprogram og deira betydning, både i den frie verda og bak stengte grenser. Olaug Lillian Bjørke deler sitt fyrste minne frå den kristne nærradioen tilbake på 80-talet. Kontrasten blir stor når du deretter får bli med til Nord Korea, og høyre korleis hemmelege truande må lytte til kristne program i skjul. Hye* oppdaga at ho tilhøyrde ein kristen familie då ho avslørte foreldra, som sat og lytta til radio under eit teppe midt på natta. «Radioprogramma dykkar er den mest dyrebare gåva for oss nordkoreanske truande. Dei åpnar våre åndelege auger og øyrer. Eg vil takke alle som er ansvarlege for radioarbeidet!», seier Kyong Chong*, ein av dei mange som lyttar i skjul. Radioarbeidet i Nord Korea treng forbøn, både for dei som lagar programma og dei som risikerer livet ved å lytte.
No comments yet. Be the first to say something!