Episodes

Wednesday Feb 05, 2020
Oppklaring av saka om Sjøholt Folkehøgskule sitt verdidokument
Wednesday Feb 05, 2020
Wednesday Feb 05, 2020
Styreleiar ved Sjøholt folkehøgskule, Odd Christian Stenerud, og rektor Lars Johan Klokk med fleire vart svært overraska då Bygdebladet tysdag 28. januar omtalte Sjøholt folkehøgskule med ei sak dei ikkje kjende seg att i. - Kvifor Bygdebladet har omtalt eit verdidokument som ikkje gjeld dei tilsette ved Sjøholt folkehøgskule er vanskeleg å sei noko om, seier styreleiar Stenerud til Radio Sunnmøre.
Tysdag 28. januar kunne ein på framsida av Bygdebladet, lokalavisa på Sjøholt, lese at det er strenge krav for å bli tilsett ved Sjøholt folkehøgskule. Lokalavisa skriv at Indremisjonsforbundet ser på oppløysing av ekteskap og gjengifte, born fødde utanfor ekteskap og homofilt samliv som ein alvorleg samfunnssituasjon.
Styreleiar Stenerud seier at etter å ha lese ulike beskyldningar i ulike medier og kommentarar, at han er svært takksam for støtta Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal gir skulen i Bygdebladet denne veka. Han avsluttar også med å fortelje at han sjølv er fødd utanfor ekteskapet, og hadde det vore sant som Bygdebladet påstår, så hadde han sjølv ikkje vore aktuell som styreleiar for skulen.
Høyr heile intervjuet med styreleiar for Sjøholt folkehøgskule, Odd Christian Stenerud.
No comments yet. Be the first to say something!