Episodes

Wednesday Jun 11, 2025
Ny abortlov tredde i kraft 1. juni
Wednesday Jun 11, 2025
Wednesday Jun 11, 2025
Ei ny abortlov tredde i kraft i Noreg 1. juni i år. Den mest sentrale endringa er at kvinner no får rett til sjølvbestemt abort fram til svangerskapsveke 18. Etter veke 18 skal førespurnader om abort framleis behandlast i nemne, og talet på nemne blir redusert frå 22 til 7 i landet. To av dei skal ligge i Helse Midt-Norge med ei i Ålesund og ei i Trondheim. Den nye lova skal ha betydelege endringar i korleis helsetenesta skal møte kvinner som vurderer abort, og gir også ein lovfesta rett til å reservere seg mot abort for helsepersonell.
-Eg tenker at det er heilt forferdeleg. Eit foster i veke 18 er nesten heilt ferdig og treng berre litt meir tid i magen til mora, og no blir det også satsa på å berge born frå veke 23. Så korleis ein kan bestemme noko slikt, det undrar meg veldig, seier Solfrid Ulstein Riise om den nye abortlova som tredde i kraft 1. juni. Ho har 25 års erfaring som jordmor og 5 års erfaring som kommunejordmor.
-Det burde ikkje vore abortar i Noreg i dag, med den tilgongen av ulik prevensjon som er tilgjengeleg, seier Ulstein Riise. Høyr heile intervjuet med Solfrid Ulstein Riise.
No comments yet. Be the first to say something!