Episodes

Tuesday Sep 20, 2022
Ingen skal få se at jeg gråter
Tuesday Sep 20, 2022
Tuesday Sep 20, 2022
Bare 13 år gamal vert Cissi Klein frå Trondheim arrestert og sendt sørover til Oslo saman med mange andre jødar frå Midt-Noreg. Etter nokre månader på Bredtveit fengsel går turen med båt til Polen i februar 1943. Så vert dei stua inn i krøtervognene på toget og neste stopp er konsentrasjonsleira Auschwitz. Det siste Cissi rekk å seie til ein av venene sine er at ingen skal få se at jeg gråter. Nokre timar etter at dei kom fram til fangeleira var både Cissi, broren Abraham og faren Wulf drepen i gasskammera. Mora Milla var sjuk når fangetransporten gjekk frå Noreg, og legane på Ullevål sjukehus greide å gjøyme henne og få henne over til Sverige. Ho busette seg seinare i Israel. Journalist i Adresseavisen Geir Svardal har no skreve bok om Cissi og familien hennar og til oss i Radio Sunnmøre fortel han noko av Cissi si historie.
No comments yet. Be the first to say something!