Episodes

Thursday Feb 23, 2017
Englevakt i Colombia
Thursday Feb 23, 2017
Thursday Feb 23, 2017
I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til Colombia gjennom eit intervju med Trond Kjartan Michaelsen. For kort tid sidan var han på besøk i landet, og han deler frå sitt sterke møte med ein kristen familie som må leve i skjul.
Colombia er nr 50 på årets forfølgelsesliste frå Åpne Dører. Ein skulle då kanskje tenke at dei kristne lever under nokså greie forhold; men dette er langt frå realiteten. Denne familien har overlevd fleire drapsforsøk, og det er utruleg sterkt å høyre korleis dei konkret har hatt englevakt i møte med forfølgjarane sine. Dei har også opplevd at dei som kom for å ta livet deira, enda opp med å gi livet sitt til Jesus. Lytt til deira sterke vitnesbyrd! Vil du vere med og be om at Gud framleis vil verne om sine barn i Colombia? Mot slutten av programmet syng Jarle Waldemar "Jeg har en engel som følger meg".
No comments yet. Be the first to say something!