Episodes

Tuesday Nov 19, 2019
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes_191119
Tuesday Nov 19, 2019
Tuesday Nov 19, 2019
I vekas kvardagsprat tek vi ein prat med Irene Krokeide Alnes som har mykje på hjartet etter leiarkonferansen i Bergen, og denne veka skal ho saman med Marit Stokken Berland starte ny møteveke i Ørsta. Høyr meir i vekas kvardagsprat.

Monday Nov 18, 2019
Julemarknad for Brusdalsheimen
Monday Nov 18, 2019
Monday Nov 18, 2019
Til helga er det klart for årets julemarknad til inntekt for Brusdalsheimen. Fredag 22.november og Laurdag 23. november på Spjelkavik bedehus. Høyr intervjuet med Hilde Giske Lukkedal.

Monday Nov 18, 2019
Musikalen Rokkeulven på Ålesund folkehøgskole
Monday Nov 18, 2019
Monday Nov 18, 2019
Siste veka i november er det premiere på Rokkeulven på Ålesund Folkehøgskole. Heile skulen er delaktig i alt frå kostymer, scene, skodespelarar, musikk med meir, og i studio fekk Radio Sunnmøre besøk av Kristoffer Åmot og Kanutte Skjelvik som er elevar ved skulen.

Friday Nov 15, 2019
Gje ein ekteskapsweekend i julegåve
Friday Nov 15, 2019
Friday Nov 15, 2019
ImF Ung Sunnmøre har tips til julegåve til dei som har alt, ein ekteskapsweekend på Thon Hotell i Fosnavåg. Høyr meir i intervjuet med barne -og ungdomsarbeidar Hilde Sofie Blindheim Østrem.

Thursday Nov 14, 2019
Å byggje eit samfunn på godheit_Hermund Haaland
Thursday Nov 14, 2019
Thursday Nov 14, 2019
Korleis kan ein byggje eit samfunn på godheit og er det mogleg? Vi har tatt ein prat med Hermund Haaland, utviklingsleiar i Tankesmien, Skaperkraft.

Thursday Nov 14, 2019
Sjømannspresten_episode 3
Thursday Nov 14, 2019
Thursday Nov 14, 2019
I episode tre i serien Sjømannspresten tek Arild Ove Halås ein prat med ambulerande sjømannsprest Steinar Rishaug på veg til Kina, med eit mellomstopp i Polen.

Thursday Nov 14, 2019
MK_4619_Generasjon prestasjon trenger å leias til liv
Thursday Nov 14, 2019
Thursday Nov 14, 2019
I vekas mediekommentar frå Tro & Medier møter du Daniel Sæbjørnsen, prosjektansvarleg for Preach!. Tittelen på vekas kommentar er Generasjon prestasjon treng å leias til liv

Wednesday Nov 13, 2019
Åpne Dører 4619_Olaug Lillian Børke
Wednesday Nov 13, 2019
Wednesday Nov 13, 2019
Stå sterk i stormen er tittelen på vekas program frå Åpne Dører med Olaug Lillian Bjørke.

Wednesday Nov 13, 2019
Kan eit menneske endre seg i møte med Guds godheit?
Wednesday Nov 13, 2019
Wednesday Nov 13, 2019
I programmet Vårt lille land på TV2 søndag, fekk du møte historia om presten som forelska seg i ein drapsdømd, dei er i dag forlova. Tidlegare fengselsprest Kjell Arnold Nyhus er far til presten i denne historia, og han var tidlegare fengselsprest i fengselet der komande svigerson sat. Under eit seminar med temaet Kan eit menneske endre seg i møte med Guds godheit, gjorde Radio Sunnmøre eit intervju med Nyhus om dette.

Tuesday Nov 12, 2019
Sykkylvingar i Imf styret
Tuesday Nov 12, 2019
Tuesday Nov 12, 2019
Ein sykkylving går ut av Indremisjonsforbundet sitt styre, Anne Bente Klokk Svendsvik, og ein går inn, Oddbjørn Brunstad. Arild Ove Halås har tatt ein prat med desse to.

