Episodes

Monday Feb 10, 2020
Barnevakten 0620_Leif Gunnar Vestbøstad Vik
Monday Feb 10, 2020
Monday Feb 10, 2020
Kva kan vere lurt å tenke på når ein skal gi ein brukt telefon eller eit nettbrett vidare, og korleis kan ein ta vare på det som ein ynskjer å ha med vidare til ein ny telefon/nettbrett? Dette har Barnevakten nokre konkrete tips om i vekas prat med dagleg leiar Leif Gunnar Vestbøstad Vik.

Friday Feb 07, 2020

Friday Feb 07, 2020

Friday Feb 07, 2020

Friday Feb 07, 2020

Friday Feb 07, 2020

Friday Feb 07, 2020

Thursday Feb 06, 2020
MK 0620_Kjetil Fyllingen
Thursday Feb 06, 2020
Thursday Feb 06, 2020
I vekas Mediekommentar frå Tro & Medier delar Kjetil Fyllingen nokre tankar om korleis kristne kan leve i ei tid som denne..høyr vekas kommentar om du lurer på kva han tenker om dette.

Thursday Feb 06, 2020

Wednesday Feb 05, 2020
Oppklaring av saka om Sjøholt Folkehøgskule sitt verdidokument
Wednesday Feb 05, 2020
Wednesday Feb 05, 2020
Styreleiar ved Sjøholt folkehøgskule, Odd Christian Stenerud, og rektor Lars Johan Klokk med fleire vart svært overraska då Bygdebladet tysdag 28. januar omtalte Sjøholt folkehøgskule med ei sak dei ikkje kjende seg att i. - Kvifor Bygdebladet har omtalt eit verdidokument som ikkje gjeld dei tilsette ved Sjøholt folkehøgskule er vanskeleg å sei noko om, seier styreleiar Stenerud til Radio Sunnmøre.
Tysdag 28. januar kunne ein på framsida av Bygdebladet, lokalavisa på Sjøholt, lese at det er strenge krav for å bli tilsett ved Sjøholt folkehøgskule. Lokalavisa skriv at Indremisjonsforbundet ser på oppløysing av ekteskap og gjengifte, born fødde utanfor ekteskap og homofilt samliv som ein alvorleg samfunnssituasjon.
Styreleiar Stenerud seier at etter å ha lese ulike beskyldningar i ulike medier og kommentarar, at han er svært takksam for støtta Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal gir skulen i Bygdebladet denne veka. Han avsluttar også med å fortelje at han sjølv er fødd utanfor ekteskapet, og hadde det vore sant som Bygdebladet påstår, så hadde han sjølv ikkje vore aktuell som styreleiar for skulen.
Høyr heile intervjuet med styreleiar for Sjøholt folkehøgskule, Odd Christian Stenerud.

