Episodes

Tuesday Mar 24, 2020
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes_240320
Tuesday Mar 24, 2020
Tuesday Mar 24, 2020
I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Irene Krokeide Alnes. I denne koronatid er humor viktig å ha med seg, også i ei krisetid. Vi tek også ein prat om bøn, og kva bøn eigentleg er. Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes på Radio Sunnmøre.

Friday Mar 20, 2020
Turskildring frå Sentral-Asia med Olaug Lillian Bjørke
Friday Mar 20, 2020
Friday Mar 20, 2020
Forrige helg kom Olaug Lillian Bjørke heim frå Sentral-Asia, der ho har vore på tur med Åpne Dører. Som alle andre som har vore ute og reist i det siste, så er også Olaug heime i karatene. Difor var vi så heldige å få eit telefonintervju med henne for å få høyre nokre skildringar frå turen ho nyleg har fått oppleve.

Friday Mar 20, 2020
Johanne på Madagaskar - del 6
Friday Mar 20, 2020
Friday Mar 20, 2020
Når det er synd å bruke eit toalett, kan det å få lese Bibelen på sitt eige språk hjelpe også mot smittsame sjukdomar. Dette er noko av det du får høyre om denne gongen i samtale med Johanne Leinebø.

Friday Mar 20, 2020
Sjøholt folkehøgskule utsetter skulestart til august 2021
Friday Mar 20, 2020
Friday Mar 20, 2020
Sjøholt folkehøgskule innfører midlertidig byggjestopp på renovering av skulen, og blir difor ikkje klar til skulestart i august 2020. Kunnskapsdepartementet har innvilga skulen utsetjing av skulestart til august 2021.
I eit intervju med styreleiar Odd Christian Stenerud på Radio Sunnmøre fortel han meir om saka.

Thursday Mar 19, 2020
Bønene våre er blitt høyrde_Åpne Dører veke 12
Thursday Mar 19, 2020
Thursday Mar 19, 2020
Månadens fokus i Åpne Dører er Vest Afrika. Det har vore ei enorm vekkjing over kontinentet, og Afrika er i dag den verdsdelen med flest kristne. Høyr vekas program med Olaug Lillian Bjørke i Åpne Dører.

Thursday Mar 19, 2020
Mediekommentaren 1220_Jarle Haugland
Thursday Mar 19, 2020
Thursday Mar 19, 2020
La oss bringe håp i ei uroleg tid, det er tittelen på vekas mediekommentar frå Tro & Medier ved Jarle Haugland.

Thursday Mar 19, 2020
Sjømannspresten episode 9 - om Korona-krisa i Noreg og Asia
Thursday Mar 19, 2020
Thursday Mar 19, 2020
Bruk 15 minutt av dagen til å bekymre deg og resten av dagen til å leve, det er eit av råda frå Sjømannsprest Steinar Rishuag i høve Korona-krisa.

Wednesday Mar 18, 2020
Koronafast på Gran Canaria
Wednesday Mar 18, 2020
Wednesday Mar 18, 2020
Hilde og Arvid Lukkedal er to av fleire nordmenn som for tida sit i utlandet og ventar på å få kome heim. Arild Ove Halås tok tysdag ein prat med Hilde Giske Lukkedal om korleis det er å vente i ei tid som denne, og kva status er for Brusdalsheimen leirstad når dei kjem heim.

Wednesday Mar 18, 2020
Barnevakten 1220_Leif Gunnar Vestbøstad Vik
Wednesday Mar 18, 2020
Wednesday Mar 18, 2020
Barnevakten kjem i vekas intervju med konkrete tips til korleis ein kan møte vener digitalt, og i tillegg tips til konkrete aktivitetar å halde på med når dagane heime kan bli lengre enn langt for dei minste. Høyr vekas intervju med dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik.

Tuesday Mar 17, 2020
Tid for praksis i det ein elles talar om
Tuesday Mar 17, 2020
Tuesday Mar 17, 2020
-La oss no vise i praksis det vi elles viser i ord, seier krinsleiar i IMF Sunnmøre, Johan Halsne. Han oppfordrar om å ta ein telefon, og å hjelpe dei som vi veit går i vår eiga forsamling som no har behov for litt ekstra hjelp.
IMF Sunnmøre har måtte avlyse alle arrangement og møter i nær framtid, noko som har gjort at det også har blitt sendt ut permisjonsvarsel til tilsette.
Framover vil IMF Sunnmør nytte Radio Sunnmøre og eiga heimeside, i tillegg til sosiale medier, for å nå ut til folket. I tillegg har IMF sin forsamling på Emblem ein plan om å lage møter (utan folk i salen) som blir overført med lyd og bilete frå fyrstkomande søndag på sine heimesider.