Episodes

Tuesday May 12, 2020
Matutdeling på Sjømannskyrkja i Pattaya_Annstein Lothe
Tuesday May 12, 2020
Tuesday May 12, 2020
I desember reiste Annstein Lothe saman med kona til Pattaya i Thailand for å ha nokre siste år som sjømannsprest før han gjekk inn i pensjonisttilværelsen. Då COVID-19 slo ut verda over, fekk paret tilbod om å reise heimatt til Noreg. Annstein valde å vere att i Pattaya, og i denne siste tida har han saman med ein god gjeng fått delt ut fleire tiltrengte matpakkar til sårt trengte.
Høyr intervjuet med Annstein Lothe i Pattaya gjort over Skype.

Tuesday May 12, 2020
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland_120520
Tuesday May 12, 2020
Tuesday May 12, 2020
I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Marit Stokken Berland. Ho fortel om sine tankar rundt 75 års jubileet Noreg har fått og skal får feire i år som eit fritt land, og i tillegg høyrer vi litt om alle dei tilbakemeldingane Marit har fått på kveldsmøta som no går på Radio Sunnmøre. Det har kome inn fleire hundre bøneemne på sms-tenesta til radioen, og på kveldsmøta på Radio Sunnmøre vert desse bedt for.

Monday May 11, 2020

Monday May 11, 2020
Marie Helen Røsvik fortel frå livet sitt
Monday May 11, 2020
Monday May 11, 2020
I 2015 fekk Radio Sunnmøre besøke Marie Helen Røsvik på Vigra, då var ho 89 år gamal. Ho vaks opp med 11 sysken i ein kristen heim. Ho sit i rullestol sidan ho vart fødd med misdanningar i føtene og kunne ikkje gå. I 1980 vann ho gull i bogeskyting i OL, og har teke verdsrekord i same grein.
På Radio Sunnmøre fortel ho kor viktig kristne radiosendingar og tv-sendingar har vore for henne, når det ikkje har vore lett for henne å kunne kome seg fysisk til eit bedehus eller ei kyrkje. I intervjuet fortel ho at Jesus har vore hennar doktor, tannlege og altmoglegmann. Høyr den flotte praten på Radio Sunnmøre.

Friday May 08, 2020

Friday May 08, 2020

Friday May 08, 2020

Friday May 08, 2020

Friday May 08, 2020

Friday May 08, 2020