Episodes
Saturday Nov 27, 2021
Friday Nov 26, 2021
Friday Nov 26, 2021
NSP Aid Bistandsarbeid i Kenya og Etiopia_Episode 20
Friday Nov 26, 2021
Friday Nov 26, 2021
I vekas program frå NSP Aid sitt bistandsarbeid i Kenya og Etiopia får du høyre Elisabet Emblem fortelje frå sin nylege tur til Kenya. Under besøket fekk Elisabet besøke slummen og møte ei av damene som har levd eit liv vi i Noreg har store vanskar med å forestille oss. Denne dama er ei av mange NSP Aid får lov til å hjelpe. Høyr vekas program på Radio Sunnmøre.
Friday Nov 26, 2021
Thursday Nov 25, 2021
Thursday Nov 25, 2021
Å telle ned til jul_Intervju med Birgitte Vik Wymer
Thursday Nov 25, 2021
Thursday Nov 25, 2021
Å telle ned til jul er noko av det Birgitte Vik Wymer, frå Dimna, gler seg til. Og som ho har laga ein heilt ny julesong om med namnet Count down to Christmas.
Vik Wymer har budd 21 år i England før ho flytta heimatt til Dimna i Ulsteinvik. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho energisk om kva ho gjer når ho førebur seg til jul, og kor stor glede ho har i denne ventetida.
Wednesday Nov 24, 2021
Barnevakten 4721_Leif Gunnar Vestbøstad Vik
Wednesday Nov 24, 2021
Wednesday Nov 24, 2021
Eit nytt undervisningsopplegg for born mellom 1.-4. klasse, men tittelen Gøy på nett, er lansert. Det er Stiftelsen Barnevakten i samarbeid med RFM Helse Vest, Statped og Learn Lab som har utvikla Gøy på nett, og prosjektet er finansiert med midlar frå Utdanningsdirektoratet. Læringsressursen er og tilrettelagt for elevar med autisme, ADHD, Tourettes syndrom , samt at den finnast i både samiske og engelske versjonar.
Vi har tatt ein prat med dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik.
Wednesday Nov 24, 2021
Korleis bygge gode verdiar i ei digital tid_intervju med Alexis Lundh
Wednesday Nov 24, 2021
Wednesday Nov 24, 2021
Vi skal melde med god frimod det som er godt for oss, og dei gode verdiane som vi står for som kristne. Det er noko av det Alexis Lundh melder i eit intervju med Radio Sunnmøre, der vi tek ein prat om korleis vi kan hjelpe born og unge med å bygge gode verdiar i ei digital tid.
Det fløymar over av reality -seriar som bygger på seksualitet og kropp, ulike spel og seriar som bygger på vald, og sosiale medier der kommunikasjonen raskt kan bikke over til mobbing og ugreier samtalar. Det kan i denne tida kjennast som ei utfordring å nå inn til born og unge i dag med gode verdiar, og historia til den kristne sanning. Dette skal vi vere frimodige på, meinar Lundh.
Høyr intervjuet med Alexis Lundh, leiar i Heltfri.net i Tro & Medier.
Tuesday Nov 23, 2021
Ålesund folkehøgskule fyrste norske gruppe i Israel etter korona
Tuesday Nov 23, 2021
Tuesday Nov 23, 2021
Ålesund folkehøgskule er tilbake frå haustens tur til Israel, som den fyrste norske gruppa som fekk kome til landet etter korona. Vi har tatt ein prat med rektor Sven Sæther, som kan fortelje at dei ikkje trudde dei skulle kome seg til landet før dei hadde føta på jorda i Tel Aviv i Israel.
Tuesday Nov 23, 2021
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes_231121
Tuesday Nov 23, 2021
Tuesday Nov 23, 2021
- Det er så fint med alt det aventstida og juletida byr på, fortel Irene Krokeide Alnes.
Vi tek ein prat om alt det frivillege arbeidet som foregår denne tida på ulike julemesser og arrangement, og om betydninga av dei ulike høgtidene som vi markerer i Noreg gjennom året. Den fyrste søndagen i advent nærmar seg, og vi snakkar litt rundt advent i dagens kvardagsprat.
Høyr praten med Irene Krokeide Alnes på Radio Sunnmøre.