Episodes
Friday Aug 27, 2021
Barnevakten 3421_Kris Munthe
Friday Aug 27, 2021
Friday Aug 27, 2021
Youtube Shorts er Youtube sitt nye bidrag til å dele korte filmsnuttar med verda, noko som har blitt svært populært etter at Tiktok kom til overflata. Vi høyrer meir med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, om kva som kan vere lurt å tenke på om ein skal nytte Youtube Shorts.
Thursday Aug 26, 2021
Thursday Aug 26, 2021
Nesten umogleg å vere kristen i Afghanistan no - Dei forfulgte kristne del 20
Thursday Aug 26, 2021
Thursday Aug 26, 2021
Wednesday Aug 25, 2021
MK 3421_Alexis Lundh
Wednesday Aug 25, 2021
Wednesday Aug 25, 2021
Det finnast ei betre historie om seksualitet og nærleik, fortel Alexis Lundh - leiar for Heltfri.net i vekas mediekommentar frå Tro & Medier.
Wednesday Aug 25, 2021
Vi må vakne-omfattande rusproblematikk i ungdomsmiljøa i Ålesund_Malin Strand
Wednesday Aug 25, 2021
Wednesday Aug 25, 2021
Rusproblematikken i ungdomsmiljøa i Ålesund er aukande, og det bekymrer Malin Strand som er dagleg leiar i Blå Kors Ung Ålesund.
Strand har sjølv vakse opp i ein heim med rus. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho frå si eiga sterke historie då ho som niåring gjekk rundt på kveldstid frå pub til pub i Ålesund for å leite etter si eiga mor, medan ho trilla ei barnevogn med veslesystera på to år.
-Det er ikkje slik at alarmklokkene burde ringe, men det burde stått konstant på raudt, seier Malin Strand om at ingen reagerte på hennar situasjon som barn.
Strand meiner at vi no må vakne opp og få til eit samarbeid mellom heim, skule, politi, helse, barnevern og kommune i den aukande rusproblematikken ein ser i Ålesund i dag.
Tuesday Aug 24, 2021
Retreatsamlingar på Holemly Omsorg- og retreat
Tuesday Aug 24, 2021
Tuesday Aug 24, 2021
I haust inviterer Holmely Omsorg -og retreat senter til ulike retreatsamlingar.
-Eg trur at mange synest det er vanskeleg å setje på pauseknappen, fordi vi blir pøsa på med inntrykk heile tida. Sjølv om vi har tid til å setje oss i stillheit, så er det ikkje lett å falle til ro, seier Eva Langseth som er dagleg leiar ved senteret. Høyr meir i intervjuet på Radio Sunnmøre om dei ulike samlingane som skal vere.
Tuesday Aug 24, 2021
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland_240821
Tuesday Aug 24, 2021
Tuesday Aug 24, 2021
Denne veka er Marit Stokken Berland på 60+ leir på Brusdalsheimen, og kan fortelje om flotte samlingar og ein festkveld som står på programmet dei påfylgjande dagane. Høyr meir i kvardagspraten med Marit Stokken Berland.
Monday Aug 23, 2021
Monday Aug 23, 2021
- Eg vart så rysta i vår då vi fyrst opplevde at Arbeidarpartiet vedtek fri abort fram til veke 18, og deretter kjem SV og vedtek fri abort fram til veke 22, fortel Jorunn Gleditsch Lossius i eit intervju på Radio Sunnmøre. I eit innlegg på facebook 25. april viser Lossius eit bilde av seg sjølv som gravid i veke 22, og fortel om livet ho både kjenner då i magen og livet ho då har fått ei tilknytting til.
- Vi skulle ynskje at dette ikkje var ei valkampsak, men når vi er eit menneskeverdparti kan vi ikkje sitte stille i båten og sjå på, seier Lossius.
KrF går til val på sosiale og kristne verdiar, og vi har tatt ein prat med stortingsrepresentant Jorunn Gleditsch Lossius og 1. kandidat for Møre & Romsdal KrF, Harry Valderhaug, på Radio Sunnmøre.
Saturday Aug 21, 2021
Navnet over alle navn - Ord til ettertanke intervju Per Ola Godø
Saturday Aug 21, 2021
Saturday Aug 21, 2021
Saturday Aug 21, 2021