Episodes

Thursday May 14, 2020
Menneskeverd reagerer skarpt på forslag til endringar i bioteknologilova
Thursday May 14, 2020
Thursday May 14, 2020
Tidlig ultralyd med tilleggsundersøking til alle kvinner, i tillegg til NIPT-test til alle gravide kvinner, er nokre av endringane FrP, Ap og SV ynskjer i sitt forslag til endringar i bioteknologilova. Dette reagerer Menneskeverd sterkt på, og i eit intervju med informasjonsansvarleg Kristin Rudstaden får vi høyre meir om kva konsekvensar dette vil få for samfunnet og det ufødte livet.

Wednesday May 13, 2020
Barevakten 2020_Leif Gunnar Vestbøstad Vik
Wednesday May 13, 2020
Wednesday May 13, 2020
Du treng ikkje å dele alle bileta av bornda dine på 17.mai, det skriv Barnevakten om i ein artikkel på sine heimesider. I vekas intervju med dagleg leiar Leif Gunnar Vestbøstad Vik, tek vi ein prat om kva ein bør ta hensyn til når ein tek bilete på nasjonaldagen og ynskjer å dele desse på sosiale medier. Det er kanskje enkelte ting som kan vere greit å bli minna på i år, når mykje av feiringa vil foregå privat.

Wednesday May 13, 2020

Wednesday May 13, 2020
Bibelpraten_Galaterbrevet introduksjon_Del 58
Wednesday May 13, 2020
Wednesday May 13, 2020
I Bibelpraten denne veka er vi kome til Galaterbrevet. Johan Halsne og Arild Ove Halås gir ein introduksjon til brevet, og set nokre hovudpunkt om kva brevet handlar om.

Tuesday May 12, 2020
Matutdeling på Sjømannskyrkja i Pattaya_Annstein Lothe
Tuesday May 12, 2020
Tuesday May 12, 2020
I desember reiste Annstein Lothe saman med kona til Pattaya i Thailand for å ha nokre siste år som sjømannsprest før han gjekk inn i pensjonisttilværelsen. Då COVID-19 slo ut verda over, fekk paret tilbod om å reise heimatt til Noreg. Annstein valde å vere att i Pattaya, og i denne siste tida har han saman med ein god gjeng fått delt ut fleire tiltrengte matpakkar til sårt trengte.
Høyr intervjuet med Annstein Lothe i Pattaya gjort over Skype.

Tuesday May 12, 2020
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland_120520
Tuesday May 12, 2020
Tuesday May 12, 2020
I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Marit Stokken Berland. Ho fortel om sine tankar rundt 75 års jubileet Noreg har fått og skal får feire i år som eit fritt land, og i tillegg høyrer vi litt om alle dei tilbakemeldingane Marit har fått på kveldsmøta som no går på Radio Sunnmøre. Det har kome inn fleire hundre bøneemne på sms-tenesta til radioen, og på kveldsmøta på Radio Sunnmøre vert desse bedt for.

Monday May 11, 2020

Monday May 11, 2020
Marie Helen Røsvik fortel frå livet sitt
Monday May 11, 2020
Monday May 11, 2020
I 2015 fekk Radio Sunnmøre besøke Marie Helen Røsvik på Vigra, då var ho 89 år gamal. Ho vaks opp med 11 sysken i ein kristen heim. Ho sit i rullestol sidan ho vart fødd med misdanningar i føtene og kunne ikkje gå. I 1980 vann ho gull i bogeskyting i OL, og har teke verdsrekord i same grein.
På Radio Sunnmøre fortel ho kor viktig kristne radiosendingar og tv-sendingar har vore for henne, når det ikkje har vore lett for henne å kunne kome seg fysisk til eit bedehus eller ei kyrkje. I intervjuet fortel ho at Jesus har vore hennar doktor, tannlege og altmoglegmann. Høyr den flotte praten på Radio Sunnmøre.

Friday May 08, 2020

Friday May 08, 2020