Episodes

May 27, 2020
Bibelpraten_Paulus forkynte evangeliet_Del 60
May 27, 2020
May 27, 2020
9 min
I Bibelpraten denne veka har vi kome til Paulus brev til galatarane der Paulus forkynner evangeliet. I bibelpraten tek vi ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om kva som står i Bibelen og kva det kan bety for oss i dag.

May 26, 2020
Nå nærmer vi oss_Ny diktbok av Robert Tjomlid
May 26, 2020
May 26, 2020
9 min
Nå nærmer vi oss er tittelen på Robert Tjomlid sin andre diktbok. Han fortel i eit intervju med Radio Sunnmøre at han i i dikta sine gjev uttrykk for mange av sine opplevingar og erfaringar i livet som fleire kan kjenne seg att i. Høyr smakebit frå boka og intervju med Robert Tjomlid på Radio Sunnmøre.

May 26, 2020
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland_260520
May 26, 2020
May 26, 2020
10 min
I kvardagspraten denne veka tek vi praten med Marit Stokken Berland. Vi er denne veka i tida mellom Kristi Himmelfartsdag og pinsehelga, og i praten med Marit snakkar vi litt om kva som hende desse dagane i Bibelen og kva det betyr for oss i dag.

May 25, 2020
Drive in basar med IMF Sunnmøre
May 25, 2020
May 25, 2020
3 min
Laurdag 6. juni vert det Drive-In-Basar rundt om på 15 ulike bedehus med IMF Sunnmøre. Krinsleiar Johan Halsne fortel meir om dette i eit intervju med Arild Ove Halås.

May 22, 2020
May 22, 2020
5 min
Vinnaren av TV2 sitt musikkprogramm The Voice i 2019, Maria Engås Halsne, slapp sin fyrste singel fredag 22. mai. Engås Halsne er frå Sunnmøre og bur no i Oslo, der ho den siste tida har laga og spelt inn sin fyrste singel. Frå og med 22. mai er den å få høyre, og for Engås Halsne er det en draum som har gått i oppfylling. Ho har også eit samarbeid med kunstnaren Ørnulf Opdahl i dette prosjektet.
Høyr intervjuet med Maria Engås Halsne på Radio Sunnmøre.

May 21, 2020

May 20, 2020
Bibelpraten_Paulus sitt apostelkall_Del 59
May 20, 2020
May 20, 2020
10 min
I Bibelpraten med Johan Halsne og Arild Ove Halås er vi no i Galaterbrevet, og i dagens episode snakkar vi om Paulus sitt apostelkall. Vi tek ein prat om kva som står i Bibelen, og kva dette kan bety for oss i dag.

May 19, 2020
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes_190520
May 19, 2020
May 19, 2020
8 min
I Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes denne veka tek vi ein prat om det å endeleg kunne samlast til foreining igjen. Vi tek også ein prat om 17. mai, radiomøta og om korleis det var å vere med på markeringa av salet av Ålesund bedehus måndag 18. mai. Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

May 19, 2020
May 19, 2020
5 min
Måndag 18. mai vart det 115 år gamle Ålesund bedehus selt til Stiftelsen Ungdom i Oppdrag. Ålesund bedehus vart bygd i 1905 av Ålesund Indremisjon. I 2009 tok ImF Sunnmøre over huset, og måndag 18. mai vart det selt vidare til nye eigarar med store visjonar. Høyr intervjuet med krinsleiar for ImF SUnnmøre, Johan Halsne, styreleiar Oddbjørn Brunstad og senterleiarar for Ungdom i Oppdrag Ålesund, Randi og Jan Oskar Alnes.

May 19, 2020
Barnevakten 2120_Kjellaug Tonheim Tønnesen
May 19, 2020
May 19, 2020
5 min
Sidan koronaviruset hindrar Barnevakten i å arrangere seminar for foreldre rundt om i Noreg, så har også Barnevakten no startar med webinar for foreldre. Det fyrste webinaret går allereie tysdag 19. mai, og det tek vi ein prat om med fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen i vekas prat.

