Episodes

Mar 11, 2020
Mar 11, 2020
9 min
I Bibelpraten denne veka er det 1. Korinterbrevet som er utgongspunktet for samtalen om det andelege og det naturlege mennesket. Vi tek ein prat med Arild Ove Halås og Johan Halsne om det som står i Bibelen og kva det kan bety for oss i dag.

Mar 11, 2020
Kjell Arne Sæter om starten av Radio Sentrum
Mar 11, 2020
Mar 11, 2020
6 min
Kjell Arne Sæter er ein av dei som var med å starte Radio Sentrum i si tid, radioen som i dag har fått namnet Radio Sunnmøre. Høyr intervjuet med Kjell Arne her på Radio Sunnmøre.

Mar 11, 2020
Radioen betyr alt
Mar 11, 2020
Mar 11, 2020
5 min
Heilt sidan Svanhild Farstad var i barselpermisjon fyrste gong har ho lytta trufast til Radio Sunnmøre. No er ho pensjonist og har blitt enke, og då er radiosendingane viktigare for Svanhild meir enn nokon gong. Høyr det flotte intervjuet med Svanhild Farstad gjort av Torstein Walderhaug.

Mar 10, 2020
Olaug Lillian Bjørke_ein trufast radiolyttar
Mar 10, 2020
Mar 10, 2020
6 min
Olaug Lillian Bjørke er til dagleg i Åpne Dører, og i ein samtale med Arild Ove Halås fortel Olaug om kor mykje radioen betyr for henne. Ho nyttar ofte Radio Sunnmøre på øyret når ho er ute og går tur.

Mar 10, 2020
Mar 10, 2020
9 min
Tore Johan Øvstebø var varaordfører dei fire siste åra av gamle Ålesund kommune. No i Nye Ålesund har han fullt opp med anna å vere leiar for planutvalet, i tillegg til fleire andre verv. Han har også ei lita stilling som rådgjevar i Møre Bispedømme.
Kristne verdiar, toleranse og samfunnsengasjement er noko av det vi tok ein prat med han om under årets RadioGiv på Radio Sunnmøre.

Mar 10, 2020
Mar 10, 2020
4 min
Måndag kveld vart Israel sine grenser stengt for alle som ynskjer å reise inn i landet, noko som får store konsekvensar for reiseselskapet Plussreiser. Fire store påmeldingsturar og nokre bestillingsturar, som utgjer nokre hundre reisande, blir berørt av dette no i fyrste omgong. Vi har tatt ein prat med dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne.

Mar 10, 2020
Kvardagspraten med Irene Krokeide ALnes_100320
Mar 10, 2020
Mar 10, 2020
8 min
Marit & Irene held fram ei tredje veke med møter i Halden. Menneske har fått møte Jesus for fyrste gong, og andre igjen har fått ei fornying i trua. Ein pølsefest kan gjere større endringar enn ein trur. Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Mar 9, 2020
Mar 9, 2020
7 min
Kvar time vert ei kristen kvinne valdteken. Vi har tatt ein prat med Ole Petter Erlandsen, fagleg leiar i Åpne Dører, med fokus på forfulgte kristne kvinner.

Mar 9, 2020
Mar 9, 2020
7 min
NSP Aid er med i eit viktig arbeid for jenter og kvinner i Afrika. Gunnar Hamnøy fortel i dette intervjuet om tradisjonar i Afrika blant unge jenter, og ei oppleving han sjølv sårt fekk oppleve. Fleire unge jenter i Afrika har fått oppleve å få eit rikare og betre liv gjennom NSP Aid sitt arbeid, og ei av dei fekk fortelje si historie på ei stor konferanse nyleg. Høyr Gunnar Hamnøy fortelje i eit intervju med Arild Ove Halås.

Mar 9, 2020
Mar 9, 2020
57 min

