
214.8K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Nov 6, 2019
Nov 6, 2019
9 min
I Bibelpraten denne veka pratar vi med Johan Halsne og Arild Ove Halås om Johannes Openberring. Kvifor og korleis fekk Johannes denne openberringa, og kva er det han fyrst får beskjed om. Kva står i Bibelen og kva betyr det for oss i dag?

Nov 5, 2019
Nov 5, 2019
7 min
Laurdag 2. november gjekk årets Radiomesse for Radio Sunnmøre av stabelen i hallen på Ålesund folkehøgskole. Det var full sal frå start til slutt, og eit rekordbeløp vart resultatet på over 160 000 kroner. Johan Halsne tok ein rundtur med mikrofonen på messa og tok tempen på stemninga. Høyr reportasjen her.

Nov 5, 2019
Nov 5, 2019
6 min
I vekas kvardagsprat tek vi ein telefon til Irene Krokeide Alnes, som saman med Marit Stokken Berland, nyleg har vore i Øygarden i to veker med møter. Det var i Øygarden det heile starta for Irene og Marit for 45 år sidan.

Nov 2, 2019
Nov 2, 2019
8 min
Gro Hofseide er ute med ny CD, hennar femte i rekka. Det gryr mot dag er tittelen på albumet, og vi har tatt ein prat med Gro om korleis ho får tekstane og melodiane til dei ulike songane, og kva det betyr for henne å få lage dette albumet.

Nov 1, 2019
Nov 1, 2019
21 min
Etter å ha vore på tur med NSP Aid i Kenya og blant anna besøkt slummen i Nairobi, er Mirjam Lazrek og Håkon Åsebø frå Spjelkavik vidaregåande tilbake i studio for å fortelje om dei inntrykka dei sit att med. Høyr intervjuet på Radio Sunnmøre.
