Episodes

Nov 29, 2019
Barnevakten_4819_Kjellaug Tonheim Tønnesen
Nov 29, 2019
Nov 29, 2019
6 min
Pilotprosjektet Digital oppstart for føresette og lærarar med born i 1. og 2. klasse har no gått første runde og hatt ei evaluering. Vi har tatt ein prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen. Høyr om resultatet her.

Nov 28, 2019
Synnøve Aanensen på Sunnmørsturnè
Nov 28, 2019
Nov 28, 2019
6 min
I helga skal Synnøve Aanensen på Sunnmørsturnè saman med ImF Sunnmøre sine Stjernedryss. Emblem, Valderøya, Brattvåg og Ulsteinvik er dei heldige som får besøk denne gongen. Høyr intervjuet med Aanensen på Radio Sunnmøre.

Nov 27, 2019
Åpne Dører 4819_Olaug Lillian Bjørke
Nov 27, 2019
Nov 27, 2019
15 min
Med hjerte for forfulgte kristne er tema i vekas program frå Åpne Dører. Eit intervju med Elin Bjerkestrand og Sigrun Urdal Svingen, som er busette i Molde og har gjennom fleire år vore aktive i Åpne Dørers arbeid.

Nov 27, 2019
Dobbel lytting_Anne Solfrid Brennhovd
Nov 27, 2019
Nov 27, 2019
8 min
Dobbel lytting er eit begrep som den kjende forfattaren John Stott har lansert, og handlar om det å lytte til historiane som ein møter i verda og til Ordet. For å forkynne evangeliet må ein kunne vite at ein kan bygge ei bru mellom historiane som ein møter i verda gjennom til dømes sosiale medier, film og seriar, og evangeliet. Slik at evangeliet gir meining for dei som høyrer på.
Anne Solfrid Brennhovd i Damaris er intervjua av Arild Ove Halås i Radio Sunnmøre om dette temaet.

Nov 27, 2019
Nov 27, 2019
11 min
I Bibelpraten snakkar vi i dag om Johannes Openberring, om talet sju og dei fyrste segla som blir opna. I ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås tek vi ein prat om det som står i Bibelen og kva det betyr for oss i dag.

Nov 26, 2019
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland_261119
Nov 26, 2019
Nov 26, 2019
5 min
Forrige veke var Marit Stokken Berland saman med Irene Krokeide Alnes på Ørsta bedehus og haldt møteveke. Meir om dette får du i vekas kvardagsprat på Radio Sunnmøre.

Nov 25, 2019
Juleturnè med Vår jul
Nov 25, 2019
Nov 25, 2019
7 min
Til helga er det julekonsert med Vår jul fleire stadar på Sunnmøre. Vår jul er juleturnèen med artistane Christian Ingebrigtsen, Gaute Ormåsen, Maria Arredondo, Torstein Sødal og Tine Thing Helseth. Christian Ingebrigtsen har i år saman med Trygve Skaug skrive ein ny julesong som heiter Det blir fred, og handlar om at det går and å finne ein indre fred midt i julestria. Ein fred som ein berre finn inni seg på grunn av at Jesus vart født. Vi har tatt ein prat med Christian Ingebrigtsen om både den nye julesongen og turnèn som går på Sunnmøre fire stadar fyrste helga i advent.

Nov 22, 2019
Barn betalar for shoutouts og nye følgarar
Nov 22, 2019
Nov 22, 2019
8 min
Barn betalar for shoutouts og nye følgjarar. Dette er hjarteskjerande, seier fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen i vekas prat.

Nov 21, 2019
Sjømannspresten_episode 4
Nov 21, 2019
Nov 21, 2019
8 min
Steinar Rishaug er ambulerande sjømannsprest i Asia for Sjømannskirka, og på Radio Sunnmøre vert han intervjua av Arild Ove Halås intervjua i serien Sjømannspresten om det han opplever i arbeidet sitt.

Nov 21, 2019
Kva skal til for eit godt samliv?
Nov 21, 2019
Nov 21, 2019
6 min
Kva skal til for å få eit godt samliv? Solide Samliv starta opp i 2018 med å halde kurs etter resulatat frå Gottmans instituttet. Øistein Samnøen er dagleg leiar i Solide Samliv, og Radio Sunnmøre har tatt ein liten prat med han om dette.

