Episodes

Thursday Jun 27, 2019
Tur til Andalucia med Plussreiser
Thursday Jun 27, 2019
Thursday Jun 27, 2019
For tredje året på rad kan du bli med Hilde Gjengedal, Gudrun Longva og Jens Petter Jørgensen på tur til Andalucia med Plussreiser. Bibel - og opplevelsesferie 9.-19.september. Høyr intervjuet med alle tre på Radio Sunnmøre.

Thursday Jun 27, 2019
Medierosen 2019
Thursday Jun 27, 2019
Thursday Jun 27, 2019
I år som tidlegare år ynskjer Tro & Medier å dele ut Medierosen. Med denne prisen ynskjer dei å lyfte fram det gode i mediene, og alle kan vere med og stemme fram sin favoritt. Radio Sunnmøre har tatt ein prat med dagleg leiar Jarle Haugland om kven som er favorittar i år.

Thursday Jun 27, 2019
Lurt av læreboken_Intervju med Bjørn Are Davidsen
Thursday Jun 27, 2019
Thursday Jun 27, 2019
Bjørn Are Davidsen har no kome med boka Lurt av læreboka, der han skriv om at bøkene norske skuleelevar les i dag er uakseptabelt dårlege og ikkje held mål. Han meiner at framstillinga av kyrkje og kristendom i bestefall er ganske misvisande og i verste fall heilt feil.
Radio Sunnmøre har intervjua Bjørn Are Davidsen.

Thursday Jun 27, 2019
Blå Kors Ferier
Thursday Jun 27, 2019
Thursday Jun 27, 2019
Blå Kors Ferier er eit gratis, rusfritt ferietilbod for familiar som har rusavhengighet og psykiske utfordringar tett på livet. Blå Kors Ferier har aldri opplevd så stor pågong frå familiar som ynskjer ein ferie for sin familie som no. Radio Sunnmøre har prata med Synnøve Roland i Blå Kors Ferier.

Thursday Jun 27, 2019
Åpne Dører 2619
Thursday Jun 27, 2019
Thursday Jun 27, 2019
Vekas program frå Åpne Dører har fokus på India - eit land der kristne opplever auka forfylgjing. Olaug Lillian Bjørke vil i dette programmet presentere deg for Shadra.

Wednesday Jun 26, 2019
Seamans mission i Ålesund
Wednesday Jun 26, 2019
Wednesday Jun 26, 2019
Sidan 2014 har Seamans mission i Ålesund haldt på med arbeid for å ha eit velferd - og evangeliseringsarbeid for mannskapet på alle cruisebåtane som besøker Ålesund kvart år. Andre Sætre er leiar for arbeidet, og vi har tatt ein prat med han.

Wednesday Jun 26, 2019
Til hvilens vann_ny bok av Tarald Ueland
Wednesday Jun 26, 2019
Wednesday Jun 26, 2019
Forfattaren, forleggaren og grunderen Tarald Ueland gir ut boka Til Hvilens Vann som består av 49 bileter og 40 bibelvers. Tekstane er ordna i fire tema: Kvile, trøyst, omsorg og håp.
Etter at Tarald Ueland mista dottera si i uhelbredeleg kreftsjukdom gjekk han igjennom ei tøff tid. Som han seier i intervjuet var det gjennom denne lange og krevjande perioda av livet han opplevde å bu ved kvilens vatn. Boka Til Hvilens Vann er henta frå Salme 23 i Bibelen.

Wednesday Jun 26, 2019
Bibelpraten_Jesus vart freista_Del17
Wednesday Jun 26, 2019
Wednesday Jun 26, 2019
I Bibelpraten denne veka tek vi ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om då Jesus vart freista, og om kva vi kan lære av dette i dag.

Tuesday Jun 25, 2019
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland_250619
Tuesday Jun 25, 2019
Tuesday Jun 25, 2019
Ta med Bibelen på ferie, tipsar Marit Stokken Berland i vekas kvardagsprat. Ho fortel også om ei flott oppleving frå Flekkefjord forrige veke, der ho og Irene Krokeide Alnes fekk delta på ein fem timar lang songkveld på brygga.

Monday Jun 24, 2019
Barnevakten 2519
Monday Jun 24, 2019
Monday Jun 24, 2019
Denne veka pratar vi med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, om nettvett. Antimobbekampanje er ein del av det Barnevakten har arbeidd med, saman med tre andre aktørar.