Episodes
Tuesday Mar 28, 2017
Tuesday Mar 28, 2017
Monday Mar 27, 2017
Det største eit menneske kan oppleve
Monday Mar 27, 2017
Monday Mar 27, 2017
Sveinung Hølmebakk er aktiv på fleire område. Han er låtskrivar, kjem straks med sitt fjerde album, turnerer med Nordic Tenors, skriver vitsebøker og denne helga var det konsert saman med koret Elkana, frå Godøy.
Vi fekk ein prat med artisten før konserten og lurte mellom anna på korleis det var å reise rundt med sine eigne songar?
- Det er så mange som har kome bort etter konsertane denne veka og fortalt sterke historiar om kor sangane har vore til hjelp i ei vanskeleg tid. Det er stort å få oppleve, fortel Hømebakk.
Friday Mar 24, 2017
Vi har en elefant i kirka
Friday Mar 24, 2017
Friday Mar 24, 2017
Pornografi som læringsarena er en katastrofe for noe av det vakreste Gud har ment skulle skje mellom mann og kvinne.
Wednesday Mar 22, 2017
Den fullkomne lykke er å sjå lyset bli tent i et menneskes øyne
Wednesday Mar 22, 2017
Wednesday Mar 22, 2017
For fem år sidan stod han med skjelvande kne og eit hjerte som banka alt for fort, det var første dagen ved suppebussen. No fem år seinare ser Karl Johan Skårbrevik Guds leiing i kvardagen.
Wednesday Mar 22, 2017
I Egypt med Åpne Dørers reiseteneste
Wednesday Mar 22, 2017
Wednesday Mar 22, 2017
I Åpne Dører seier vi det slik: "Alle kan be, mange kan gi, nokon kan gå". I dette programmet har Olaug Lillian Bjørke fokus på reisetenesta;
Det er faktisk mogleg å reise med Åpne Dører! Det er inga ordinær feriereise, sjølv om du også vil kunne oppleve å vere turist i landet du besøker. Men mest av alt er det ei reise, der du får vere til oppmuntring for forfulgte kristne - og samtidig ha med deg dyrebare minner og inntrykk heim, til inspirasjon i eige kristenliv. Kai Even Bjørdal, som nyleg er tilbake frå Egypt, fortel om turen og deler nokon av sine opplevingar med oss. Lytt og bli inspirert! Og vil du vite meir om reisetenesta, så ta kontakt med oss i Åpne Dører. Kanskje blir du ein av dei som kan gå? I programmet lyttar vi til "Der det nye livet lever" med Sanger fra bedehusland.
Friday Mar 17, 2017
Tid for endring i bedehusstrukturen?
Friday Mar 17, 2017
Friday Mar 17, 2017
I ein større artikkel i Avisa Dagen sist veke, fremma krinsleiar for Sunnmøre Indremisjon, Johan Halsne og forsamlingsleiar i Misjonssalen, Andreas Bakke ideen om å slå saman dei to organisasjonane, i alle fall lokalt.
-Eg tek på alvor dei signala som eg har fått i mine vel to år som krinsleiar. Det å gjere stukturelle endringar, er ikkje å avkristne eit område. Tvertimot tenkjer eg det er å ruste seg for framtida. Når vi sit rundt om på mange bedehus utan ressursar til å drive eit barnearbeid, ungdomsarbeid og heller ikkje eit voksenarbeid, då tenkjer det er heilt rett å sjå seg rundt etter andre løysingar, seier Halsne.
Friday Mar 17, 2017
Områdestemne for NMS på Sunnmøre
Friday Mar 17, 2017
Friday Mar 17, 2017
Det norske misjonsselskap (NMS) held sitt årleg områdestemne for nordre og austre Sunnmøre søndag 19.mars i Spjelkavik kyrkje. Temaet for stemne er Grenselaus, fortel May Lisbeth Hovlid Aurdal. Ho er misjonskonsulent i NMS.
På søndag får vi høyre meir om det verdensvide arbeidet, og arbeidet mellom dei unge. Ein plass der vi møtast for å få informasjon og for glede og inspirajon vidare, seier misjonskonsulenten. Ho har vore ansatt i misjonen i 20 år og gleder seg framleis over arbeidet ho får vere med på.
Thursday Mar 16, 2017
Ei oppleving av hunger etter Guds ord
Thursday Mar 16, 2017
Thursday Mar 16, 2017
I kvardagspraten denne veka fortel Marit Stokken frå møteveka på Gjerdrum. Her fekk dei ei oppleving av hunger etter Guds ord.
Wednesday Mar 15, 2017
Rockesokk - Ei positiv gladsak
Wednesday Mar 15, 2017
Wednesday Mar 15, 2017
Datoen 21.mars, er den internasjonale dagen for Downs Syndrom. Organisasjonen Menneskeverd har i den anledninga laga ein kampanje som dei har kalla Rockesokk. Ein positiv kampanje som går ut på å løfte fram alle som lever med Downs syndrom.
Rockesokk går ut på å gå med to forskjellige sokker og på den måten markere annerledeshet, fortel informasjonsansvarleg Maria Victoria Kjølstad Aanje hjå Menneskeverd.
Alle mennesker er like verdifulle uansett om ein har ein egenskap eller funksjonsnedsettelse. Vi ynskjer dette skal vere ei positiv gladsak.
Videoen som dei har laga til kampanja, ligg på Menneskeverd sin Facebookside og er allereie delt over 80000 gongar.