Episodes

Wednesday Jun 03, 2026
Ungdomsteamet på Ellingsøya inviterer til lovsongskveld
Wednesday Jun 03, 2026
Wednesday Jun 03, 2026
- Det er Jesus vi skal vende blikket mot, og det er Jesus vi står der for. Eg tenker vi må prøve å gjere vårt beste og tenke på bodskapen bak det vi gjer, seier Julie Lothe (16) i U-teamet på Ellingsøy bedehus.
Fredag 5. juni inviterer U-teamet på Ellingsøy bedehus til lovsongskveld for fyrste gong. U-teamet består av ungdommar som syng og spelar i band. Fleire av dei er også med i styret i Seinfredag, som er ungdomsklubben annakvar fredag på bedehuset. Denne fredagen er 7. klassingane særskilt velkomne, sidan dei frå hausten er gamle nok til å starte på Seinfredag.
Lothe seier i intervjuet at alle aldre er velkomne til lovsongskvelden, og at det blir sunge både salmar og nyare lovsongar denne kvelden.
Høyr heile intervjuet med Julie Lothe.


No comments yet. Be the first to say something!