Episodes
Friday Feb 10, 2017
Elias Blix-kveld i Brattvåg
Friday Feb 10, 2017
Friday Feb 10, 2017
Elias Blix (1836-1902) var lærar, teolog, kyrkjestatsråd og professor i hebraisk. Han er framfor alt kjend som den fremste nynorske salmediktaren. Han er òg blitt kalla «mannen som kristna landsmålet», både på grunn av salmediktinga, og fordi han var den første som starta med omsetting av Bibelen til nynorsk, saman med Ivar Aasen.
Fredag 10.februar kjem professor Anders Aschim til Brattvåg for å fortelje om Elias Blix og salmane hans. Ellingsøy kyrkjekor kjem også, og dei vil framføre fleire av salmane hans. Så blir det sjølvsagt allsong.
Vi har snakka med Aud Bovim frå Brattvåg Sokneråd, om denne kvelden..
Version: 20240320
Comments (0)
To leave or reply to comments, please download free Podbean or
No Comments
To leave or reply to comments,
please download free Podbean App.