Episodes
Wednesday Sep 27, 2017
Hjelp til Puerto Rico etter orkanen Maria
Wednesday Sep 27, 2017
Wednesday Sep 27, 2017
Foreldra og resten av familien til Noemi Lopez Kalvø har mista nesten alt dei eig, etter at orkanen Maria herja der 20.september. Først ei veke seinare fekk latino-sunnmøringen kontakt med far sin, og han fortalde om krisetilstand i øynasjonen Puerto Rico.
Det er eigentleg umogleg å få sendt inn hjelp til landet, men Noemi har funne eit smutthol. No har ho oppretta konto, og kan sende midlar rett til si eiga søster. Ho og den lokale kyrkja deira vil kunne hjelpe direkte der det trengs. Ho tør ikkje stole på nokon andre, for situasjonen slik han er no får fram det verste hos mange. Kriminaliteten aukar, og styresmaktene er ikkje til å stole på. All informasjon om korleis vi kan hjelpe finn du på facebook-gruppa "Coloring Puerto Rico with love", oppretta og administrert av Noemi.
Comments (0)
To leave or reply to comments, please download free Podbean or
No Comments
To leave or reply to comments,
please download free Podbean App.