Bønneaksjon med app før valet

July 3, 2017
Nasjonalt bønneråd lanserer eigen bønneapp i samanheng med bønneaksjon dei siste tre vekene før stortingsvalet.
 

Nasjonalt bønneråd oppmodar til 21 dagars bønn for Noreg i perioden 21. august - 10. september, dei siste tre vekene i framkant av stortingsvalet 2017.

– Det står i Timoteus 2,2 at vi skal be for alle i høge stillingar. I samanheng med stortingsvalet tenkjer vi det er viktig med litt meir intens bønn for landet, seier Jon Steinar Kjøllesdal, som er dagleg leiar i Nasjonalt bønneråd.

I samanheng med aksjonen har rådet lansert bønneappen «Bønn for Norge» som kan lastast ned på smarttelefonar. Dagens bønneemne vil kvar dag leggjast ut i appen.

00:0000:00

Facebook Comments: